Er du klar for hummarfiske?
Snart opnar hummarfisket og kanskje om lag 35.000 påmelde skal på sjøen med teiner dei neste månadane. Mesteparten av hummaren blir fangsta av fritidsfiskarar, og det er ein del ting å passe på før fisket startar.
Hummarfisket startar 1. oktober klokka 08:00 og varar til og med 30. november sør for Stad (62° N), og til og med 31. desember nord for Stad. Før du kan starte hummarfisket må du melde deg på til Fiskeridirektoratet. Det kan du gjere her.
Per 20. september har om lag 14.000 personar meldt seg på til årets hummarfiske.
Ti teiner per person og per båt
Du kan fiske med inntil ti hummarteiner med fluktopning på minimum 60 millimeter. Du kan i tillegg fiske med ti andre teiner, med fluktopning på minimum 80 millimeter, etter til dømes krabbe. Talet på tillatne teiner gjeld per person og per båt.
Hugs at du må merke alle teiner med namn og adresse – og gjerne telefonnummer, tillegg til nummeret du er tildelt ved påmelding. Du må også merke vaket eller blåsa på same måte.
Minstemål og maksmål
Minstemålet for hummar er 25 centimeter. På kyststrekninga frå grensa mot Sverige til og med Agder er det også maksimalmål på 32 centimeter. Det betyr at all hummar under 25 centimeter, eller over 32 centimeter i dette området, skal setjast tilbake i sjøen. Hummar med utvendig rogn skal alltid setjast ut att i sjøen.
Du måler hummaren frå ytst på pannehornet til enden av midtre symjelapp utan bust. Fiskeridirektoratet og Kystvakten vil ved kontrollmåling måle hummaren utstrekt liggande på ryggen. Dette er ein sikrare metode, spesielt dersom det er tvil om lengda på hummaren.
Rømmingshol
Hugs at teiner i tillegg til fluktopning også skal ha innmontert bomullstråd. Denne skal vere maks tre millimeter tjukk og vere utan kjerne. Dersom du er uheldig og mister ei teine vil bomullstråden etter ei tid rotne. Då blir det eit hol i teina der fanga dyr kan kome seg ut. Slik kan vi unngå at teinene held fram å fangste dersom dei går tapt. Korleis du monterer bomullstråd i teiner finn du her.
Samleteiner i desember
Hummar som er fangsta sør for Stad kan lagrast i samleteiner i desember. Alle som skal lagre hummar i samleteine, etter at fangstperioden er slutt 30. november, skal sende melding til Fiskeridirektoratet. Det er eit eige skjema for melding om lagring i samleteiner.. Samleteinene skal vere merka på same måte som teiner som blir brukte til fangst. Skjema vil bli tilgjengeleg før sesongen sør for Stad er over. Hummar som utviklar rogn etter at den er komen i samleteine skal setjast tilbake i sjøen.
Unngå fangst i fredingsområde
Det er innført ei rekkje fredingsområde for hummar på kysten. Områda finn du ved å klikke deg inn på kartverktøyet til Fiskeridirektoratet, og hakar av for «Fiskeri». Så skrollar du i menyen til høgre til «verneområder» og hakar av for «hummer». Deretter kan du zoome deg inn på området som er relevant for deg.
Ver ein smart fiskar
Vi oppfordrar alle som skal ut og fiske – uavhengig av art – å ta kurset «Skitt fiske». Der får du gode tips om korleis du kan fiske smart og unngå å miste reiskap. Men skulle du likevel vere uheldig å miste reiskap kan du melde dette inn i "Fritidsfiskeappen". Der finn du i tillegg regelverket for alt fritidsfiske, inkludert hummar.
Har du tenkt å selje hummar skal du kontakte salslaget i ditt distrikt. Det er forbode å omsetje hummar utanom gjennom salslag. All hummar som skal omsetjast til forbrukar skal vere merka. Godkjende kjøparar vil som oftast sørge for slik merking.
Det aller meste om reglane for hummarfisket er lett tilgjengeleg på våre nettsider.
Hindre spreiing av hamnespy
Hamnespy er ein framand art, som kan fortrengje nesten alle organismar som veks på harde underlag. Observasjonar er blitt registrerte fleire stadar på Vestlandet, sjå oversikt i artskart (artsdatabanken.no).
Skal du fiske i område med hamnespy? Les meir om korleis du kan forhindre ytterlegare spreiing her (fiskeridir.no)