Webinar om rømmingssikkerhet
Fiskeridirektoratet ønsker velkommen til webinar om rømmingssikkerhet 1. desember kl 09.15. NB. nytt tidspunkt. Årets tema er maskeopning og størrelse på smolt.
Torsdag 1. desember 2022 kl, 09.15-12.00 arrangerer Fiskeridirektoratet, i samarbeid med Sjømat Norge, Sjømatbedriftene, Norsk industri og Kystrederiene eit webinar om rømmingssikkerhet. Årets tema er «Maskeopning og størrelsen på smolt». Legg merke til at webinaret no startar klokka 0915.
Følg webinaret her: https://my.rec.vc/live/hbnRzKtt8CEkMoME
Stor variasjon
For å unngå rømming ved utsetting av laksesmolt, er det avgjerande at størrelsen på maskene i nota er tilpassa størrelsen på fisken. Fiskeridirektoratet har nyleg gjort ei kartlegging av næringas rutiner ved utsett av smolt.
– Kartlegginga viser til dels svært stor variasjon i korleis oppdrettarane vurderer størrelse på smolten og minste akseptable individvekt i forhold til ulike nøter. Kva kunnskap som blir lagt til grunn og korleis tidlegare tilrådingar blir tolka, har vist seg å gi ganske store utslag, sier seniorrådgiver Øyvind Grøner Moe i miljøseksjonen i Fiskeridirektoratet.
Ujevn størrelse
Det har i tillegg vore ein problemstilling at smolten ikkje har forventa størrelse når den blir satt ut i merda eller at det er ujevn størrelse i fiskegruppa. Dette kan gjere det vanskeleg for oppdrettaren å tilpasse maskeåpninga i nota, fordi oppdrettaren ikkje kjenner størrelsen på den minste fisken. Konsekvensen kan bli at den minste fisken klarer å ta seg ut av anlegget gjennom notveggen.
Vi treng meir kunnskap om denne problematikken og ein auka bevissthet i næringa. Fiskeridirektoratet har ein pågåande kunnskapsbestilling inne hos Havforskningsinstituttet, som vil resultere i nytt kunnskapsgrunnlag for valg av maskeopning i forhold til fiskestørrelse og foreslå metodar/modellar for å finne fram til minste fisk i ei fiskegruppe.
Om programmet
Vi vil få innlegg med forskjellige vinklingar på problemstillinga, både frå Havforskningsinstituttet, Fiskeridirektortet og ulike delar av næringa. Detaljert program kjem snart.
Påmelding til webinar om rømmingssikkerhet
Tid |
Innlegg |
Innleggsholder |
0915-0920 |
Velkommen |
Evelyn Myrå Holmøy, Fiskeridirektoratet |
0920-0940 |
Konsekvenser ved rømming av smolt |
Monica Solberg, Havforskningsinstituttet |
0940-0955 |
Tekniske krav til nøter og masker |
Daniel L. Landhaug, Fiskeridirektoratet |
0955-1025 |
Rømmingshendelser og bakgrunn for prioritering |
Øyvind Grøner Moe, Fiskeridirektoratet |
1025-1035 |
Pause |
|
1035-1100 |
Kunnskapsbestilling og revidert tilrådning |
Magnus Torvik, Fiskeridirektoratet |
1100-1125 |
Erfaringer og rutiner knyttet til smoltleveranser |
Lars Jørgen Ulvan, Måsøval |
1125-1200 |
Spørsmål fra publikum |
|