Bør nå fram til 2 millionar nordmenn
Ei ny undersøking viser at fritidsfiskarane har ein viss kjennskap til marin forsøpling og konsekvensane av å forureine havet. Kunnskapen er lågast blant dei yngste.
- Det er oppmuntrande å sjå at det er stor interesse for livet i havet i befolkninga. Vi veit no at fire av ti nordmenn fiskar i sjøen minst ein gong i året, så ideelt sett bør våre haldningskampanjar nå fram til rundt 2,2 millionar nordmenn. Å endre haldningar krev at vi er kloke og uthaldande, seier Anette Aase, kommunikasjonsdirektør i Fiskeridirektoratet.
Befolkningsundersøkinga om marin forsøpling og fritidsfiske gjennomførte direktoratet seinhausten 2024 i lag med analysebyrået Opinion.
Resultat og tiltak
9 av 10 fritidsfiskarar svarar at dei har noko eller god kjennskap til omgrepet marin forsøpling. 6 av 10 seier dei har ein viss kjennskap til konsekvensane av marin forsøpling. Kjennskapen til omgrepet er høg i alle aldersgrupper, men lågast blant dei yngste (18-29 år).
- Resultata viser at vi er på riktig spor i direktoratet når vi dei siste åra har auka innsatsen for å nå dei unge og familiane deira. Vi har i dag installasjonar i Atlanterhavsparken i Ålesund, på Akvariet i Bergen og på Norsk maritimt museum i Oslo. Og vi har nettopp/nyleg inngått ein avtale med vitensenteret Inspiria i Sarpsborg, som også når ut til skuleborn. Vi undersøkjer og moglegheitene i andre delar av landet, seier Aase.
Dei aller fleste fritidsfiskarar ser på marin forsøpling som eit problem for miljøet i havet. 9 av 10 meiner tapte fiskereiskap er marin forsøpling, og ein tilsvarande del er einige i at marin forsøpling kan føre til at vi får i oss miljøgifter gjennom maten vi et. At marin forsøpling er eit problem for matproduksjonen, blir også vist ved at eit klart fleirtal meiner marin forsøpling er eit problem for fiskeri- og oppdrettsnæringa.
- Dette støttar godt opp om Fiskeridirektoratet sitt samfunnsoppdrag og at vi har drive oppreinsking av tapte reiskap frå yrkesfiske sidan 80-tallet. Våre tiltak for å rydde og tidleg skape gode haldningar om marin forsøpling i befolkninga, kjem også fiskarane og oppdrettarane til gode. Reine og rike hav er heilt avgjerande for Noreg som fiskerinasjon og for komande generasjonar, seier Aase.
7 av 10 seier dei har sett informasjon om marin forsøpling. Av desse seier 19 prosent at dei har fått informasjonen frå Fiskeridirektoratet. Dei fleste fritidsfiskarane ønsker informasjon frå Fiskeridirektoratet på direktoratets nettsider. Nesten 4 av 10 ønsker å få informasjon gjennom ein app.
- Dette fortel oss fleire ting. Vi må arbeide for at www.fiskeridir.no blir fleirtalet sin primære informasjonskanal for reglar om reiskap, minstemål, fredingar og liknande. Det indikerer og eit uforløyst potensial for Fritidsfiskeappen, som i dag har rundt 70 000 brukarar. Vi må bli betre til å bruke sosiale media for å nå ut til folk, og generelt må vi vere kreative når det gjeld å finne nye løysingar for å treffe folk der dei er, seier Aase.
Kva no?
Undersøkinga dannar eit godt kunnskapsgrunnlag for Fiskeridirektoratets vidare arbeid med tiltak knytt til marin forsøpling. Målet er at når vi gjentar undersøkinga om eit par år, er det endå fleire fritidsfiskarar som veit kva dei skal gjere for å hindre marin forsøpling, og fleire som bruker direktoratet som primærkjelde for informasjon.