Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

Akvakultursøknader: kva er direktoratet si rolle?

Fiskeridirektoratet mottek for uttale søknader som gjeld akvakultur både i sjø og på land. 

Dei aller fleste akvakultursøknader gjeld dei tradisjonelle matfiskanlegga i sjø der det vert produsert laks, aure og sjøaure. Søknadene gjeld til dømes etablering av heilt nye anlegg, arealutviding på eksisterande anlegg, eller auke av maksimal tillaten biomasse (MTB). MTB er kor mykje fisk som til ei kvar tid kan stå i anlegget.

Fiskeridirektoratet si hovudoppgåve

Fiskeridirektoratet si hovudoppgåve er å gje fråsegn til søknadane basert på ei vurdering av korleis etableringa eller endringa av oppdrettsanlegget vil kunne påverke den tradisjonelle fiskerinæringa. I tilfelle konflikt kan vi rå i frå søknaden, eller å kome med forslag til justeringar for å gjere etableringa eller endringa mindre konfliktfylt.

Fiskeriinteresser er til dømes viktige fiskeplassar, både plassar der det vert fiska med passive reiskapar som teiner, line eller garn, plassar der det vert fiska med aktive reiskapar som reketrål, taretrål eller snurpenot, og låssetjingsplassar. I tillegg er gyte- og oppvekstområde for fisk, medrekna marine naturtypar med slik funksjon, eit viktig ressursgrunnlag for fiskeri, og ein viktig del av vurderinga.

Etablering av nye anlegg

Akvakulturanlegg må ikkje vere i strid med gjeldande arealplan etter plan- og bygningslova. Potensiell konflikt med fiskeriinteresser og marint biologisk mangfald skal avvegast i planprosessen. Område som er sett av til akvakulturføremål åleine bør dermed i utgangspunktet ikkje vere i stor konflikt med fiskeri. Ny kunnskap eller gamle arealplanar kan gjere at Fiskeridirektoratet likevel vurderer etablering som for konfliktfylt med fiskeriinteressene. I område avsett til kombinert føremål med akvakultur som eitt av fleire underføremål, må omsyn til akvakultur vurderast opp mot omsynet til dei andre underføremåla.

Korleis vurderer vi påverknaden?

Når det vert søkt om nye akvakulturlokalitetar eller arealutviding på eksisterande lokalitetar, som til dømes utlegging av ekstra merdar, er direktoratet si oppgåve å vurdere om arealbeslaget vil få vesentlege negative konsekvensar for fiskeriaktiviteten i området.

Du kan lese meir om akvakultursøknadar og Fiskeridirektoratet si rolle i tildelingsprosessen her.