Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

Fiskerihamner i arealplanar

Fiskerihamnene er infrastrukturen som knyter fiskeriaktiviteten på sjø og land saman. I arealplanlegginga er det viktig å sikre desse områda, slik at fiskerinæringa kan bruke dei vidare.

Fiskerihamner er hamner som er tilrettelagde for verksemd innan fiskerinæringa.

Hamnene kan ha ein eller fleire av desse funksjonane:

  • mottak av fisk
  • foredling, produksjon og handelsverksemd i fiskerinæringa
  • vidaretransport av fisk og fiskeprodukt
  • ulike former for sørvis overfor fartøy og mannskap
  • trygge liggeplassar for fiskefartøy når dei ikkje er i aktivt fiske

Kor viktig ei fiskerihamn er for fiskerinæringa, avheng mellom anna av tal fiskarar på staden, tal fiskefartøy, mengde ilandført fangst, verdien på fangsten og avstand til næraste hamn med tilsvarande standard. Både offentlege og private hamner kan ha funksjon som fiskerihamn.

Det er viktig å sikre god tilkomst til fiskerihamnene frå både sjø- og landsida. Nye tiltak i eller ved slike hamner må ikkje vanskeleggjere ilandføring og/eller uttransportering av fisk.

Det er også viktig å unngå nye tiltak som kan legge grunnlag for konfliktar som på sikt kan medføre restriksjonar på fiskeria sin bruk av hamneområda. Aktivitetane i ei fiskerihamn kan medføre støy og lukt som kan gjere samlokalisering med andre føremål krevjande. Døme på støy- og luktsensitive tiltak er bustader/fritidsbustader, hotell, restaurant, handel og servicenæring.

Fiskerihamner i kart

Fiskerihamner i Fiskeridirektoratets kartverktøy (Yggdrasil)