Fiskeri- og akvakulturinteresser i strandsona
Utbygging i strandsona kan påverke fiskeri- og akvakulturinteressene på fleire måtar.
Arealplanlegginga i strandsona må sjåast i samanheng med sjøområda utanfor. Det er ei føring i «Statlige planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsonen langs sjøen» (2021):
«Retningslinjene gjelder for landarealene i strandsonen, men planleggingen bør skje helhetlig slik at det blir god sammenheng mellom arealbruken i strandsonen, i sjøen og på landområdene bak 100-metersbeltet.»
Dei landnære sjøområda har stor verdi som leveområde for haustbare marine artar. Grunnvassområde er mellom anna oppvekstområde og beiteområde for fiskeyngel.
Oppvekstområder | Havforskningsinstituttet (hi.no)
Låssetjing og rognkjeksfiske er døme på fiskeriaktivitet som føregår i avgrensa område nær land. Akvakulturanlegg kan ligge nær land. I slike område må planlegginga i strandsona ta særleg omsyn til arealbehova til sjømatnæringane.
Næringsområde og infrastruktur i strandsona
Nokre typar næringsverksemd treng tilgang til sjøen. Det kan også vere behov for å legge vegar og annan infrastruktur langs sjøen. Før det vert sett av nye areal til slike utbyggingar, må alternativ plassering vere vurdert.
Konsekvensane utbyggingar i strandsona kan få for fiskeri- og akvakulturinteressene må utgreiast for både byggefase og driftsfase. Det er særleg viktig å vere merksam på eventuelle overskot av massar, og korleis dei er tenkt nytta vidare. Det bør ikkje planleggast for dumping av massar i sjø.
Strandsone + båt = sant?
Utbygging på landareala langs sjøen inneber ofte også utbygging ut i sjøen. Den kan anten verte planlagt saman med utbygginga på land, eller i ettertid gjennom reguleringsendringar eller dispensasjonssøknader. Planlegginga må ta høgde for det utbyggingspresset arealføremåla på land kan medføre i sjøen.
Bustader, fritidsbustader og turistanlegg ved sjøen medfører ofte tilrettelegging for båt i strandsona. I sjøen kan det innebere bøyer, moringar, brygger, småbåtanlegg, marinaer, hamner, kaiar og moloar. Etablering og drift av slike tiltak kan kome i konflikt med utøvinga av fiske, drift av akvakulturanlegg og forringe natur- og miljøverdiar i sjøen som er viktige for sjømatnæringane. Dei kan også påverke straumtilhøva i sjøen på måtar som kan vere negativt for fiskeri og akvakultur. Konfliktar kan vere knytt til mellom anna sprenging og utfylling i sjøen, mudring, utslepp og unaturleg lys.
Samlokalisering
Fiskeri- og akvakulturaktivitet kan innebere lyd, lukt og lys. Fiskerihamner, låssetjingsplassar og akvakulturanlegg er døme på aktivitet som kan ha slike verknader. For andre arealbruksinteresser kan dette vere uønska forurensing. Samlokalisering kan derfor verte konfliktfylt.
Bustader, fritidsbustader, hotell/overnatting og bevertning er døme på arealføremål som kan vere sensitive for lyd, lukt og lys. Det bør ikkje planleggast for slike føremål i område der det kan oppstå konflikt med fiskeri-/akvakulturaktivitet.