Torskerømmingshola vart ikkje melde inn
Under tilsynet oppdaga vi at fleire notkontrollar hadde avdekt hol som torsken kunne rømme gjennom, men utan at notskadane var rapportert til Fiskeridirektoratet.
Oppdrettaren responderte på avvika frå tilsynet med å gå meir systematisk til verks og lage seg nye rutinar med større grad av objektiv tilnærming til risikoen for rømming. Tilsynet resulterte i fleire rutineendringar, deriblant
-
rutinane for å vurdere rømmingsrisiko gjennom hol i nøtene
-
rutinane for å avviksbehandle notskadar
-
rutinane for å melde mistanke om rømming
Det var rømmingshol i fleire av merdane
Dokumentasjon frå tidlegare notkontrollar på anlegget, gjort med dykkar eller ROV, viste at det var funne og reparert ein del hol i nøtene over ein periode på fem månader (figur 1). Nøtene var såkalla kombinøter, med både finmaska notlin og stormaska notlin. Dei fleste hola var i den finmaska delen av nota, med maskesidelengd på 15,5 mm.
Vi meiner det er sannsynleg at fisk på 1,5 til 2 kilo kan ha rømt gjennom fleire av desse hola, frå fleire av merdane i oppdrettsanlegget. Gjennom det største holet, som var på 8 x 8 masker, meiner vi det kan ha rømt fisk på opp til 3 kilo.
Framgangsmåte for tilsynet
Fleire nøter vart inspiserte av tilsynspersonellet etter at nøtene var tekne opp og frakta til notbøteriet (figur 2).
Undersøking A
Det tilsynspersonellet fann av skadar og tidlegare reparasjonar, vart i ettertid samanlikna med dokumenterte skadar frå den perioden nøtene hadde stått i sjøen (figur 3).
Ved å luke ut ferske notskadar som hadde oppstått i prosessen med å få nøtene inn på bøteriet, kunne tilsynet finne ut om nøtene hadde skadar som måtte ha vore der frå før, men som ikkje hadde vorte oppdaga medan nøtene stod i sjøen.
Resultat frå undersøking A
Det viste seg at ein heil del av skadane som vart dokumentert på notbøteriet kunne sporast til prosessen med å få nøtene ut av sjøen og inn på bøteriet. Ved å identifisere og utelukke både desse skadane og skadane som var dokumentert gjennom notkontroll medan nøtene stod i sjøen, var det ingen synlege notskadar igjen som tilsynet visseleg kunne seie at hadde stått opne og uoppdaga i sjøen.
Oppdrettar har, etter dette å dømme, hatt gode nok kontrollrutinar til å oppdage hol medan det var fisk i nøtene, men kontrollane har ikkje hatt tilstrekkeleg høg frekvens til å kunne oppdage skadar på eit tidleg nok stadium – før dei har fått utvikle seg til å utgjere ein rømmingsfare.
Undersøking B
På førehand hadde tilsynspersonellet henta inn breiddemål og høgdemål av oppdrettstorsk i ulike storleikar og ut frå målingane laga modellar som representerte tverrsnitt av oppdrettstorsk. På notbøteriet brukte tilsynspersonellet desse torskemodellane til å undersøkje om det reint objektivt hadde vore grunn til å mistenkje rømming gjennom hol som var oppdaga medan nøtene stod i sjøen (figur 4).
Resultat frå undersøking B
Undersøkingane viste at det hadde vore grunn til å mistenkje rømming gjennom fleire av hola som vart oppdag medan nøtene stod i sjøen. Desse hola skulle ha vore rapportert til Fiskeridirektoratet.
Hola vart ikkje rapportert som ein følgje av at dei ikkje vart vurdert til å utgjere nokon risiko for rømming. Tilsynet viste at desse notskadane heller ikkje var avviksbehandla i internkontrollsystemet til oppdrettar.
Tiltak etter hendinga
Oppdrettar gjekk grundig til verks for å rette opp avvika og fekk blant anna laga seg detaljerte tabellar med oversikt over kor store hola må vere for at fisk kan rømme ved ulike fiskevekter og ulike maskesidelengder. Tabellane gir oppdrettar eit klart og objektivt grunnlag for å vurdere hol som blir oppdaga under notkontrollane (figur 5).
Alle tilsette får opplæring i dei nye rutinane for å vurdere rømmingsfare og rutinane for å avviksbehandle notskadar, i tillegg til rutinane for å rapportere notskadar som objektivt sett gir grunn til å mistenkje rømming.
I rutinane til oppdrettar kjem det dessutan fram at dei, ved å inkludere informasjon om vektfordelinga til fiskegruppa i den aktuelle merden, vil kunne gjere ei kvalifisert vurdering av kor sannsynleg det er at fisk kan ha rømt.
I ein situasjon med rømming eller mistanke om rømming, vil dei då kunne opplyse til Fiskeridirektoratet om kor mykje fisk, i prosentvise tal for ulike vektklasser, som moglegvis kan ha rømt gjennom hol i nota.
Sentrale læringspunkt
- Tilpasse rutinane for notkontroll til at metoden er god nok, og frekvensen høg nok, til å kunne oppdage skadar før dei får utvikle seg til å utgjere ein rømmingsfare: "Kontrollmetoden skal som minimum være slik at enkle maskebrudd eller skader som kan gi maskebrudd blir oppdaget" (Høring – Nye bestemmelser om torskeoppdrett. Kapittel 3.4 Krav til kontroll med nøter. Fiskeri- og kystdepartementet, 2009.).
- Lage tabellar med objektive mål på risiko for rømming gjennom ulike notskadar ved ulike fiskevekter, der tabellane viser til hol av ulik storleik i nøter med notmaskene som er i bruk på det aktuelle anlegget.
- Ha gode nok rutinar for, og god nok opplæring i, objektiv vurdering av rømmingsrisiko når det blir funne hol i not.
- Ha kontroll på vektfordeling i merden og ikkje legge snittvekt til grunn for vurdering av rømmingsrisiko.
- Ha gode nok rutinar for, og god nok opplæring i, å avviksbehandle notskadar.
- Ha gode nok rutinar for, og god nok opplæring i, å melde frå om rømming og mistanke om rømming til Fiskeridirektoratet.
Konkret døme på korleis oppdrettar kan drive i tråd med regelverket
Dei reviderte rutinane til oppdrettar viser kva som konkret kan gjerast for å møte driftskrava og er heilt i tråd med det Fiskeridirektoratet har kommunisert til oppdrettsnæringa om plikta til å melde mistanke om rømming ved notskadar: "Det vil normalt vere grunn til å mistenkje rømming når det blir oppdaga eit hol som reint objektivt er stort nok til at den minste fisken i merden kan kome seg ut gjennom opninga."
Det er med andre ord ein relativt låg terskel for å melde mistanke om rømming gjennom hol i not.
I torskeoppdrett kan oppdrettar risikere at det rømmer ein heil del fisk sjølv gjennom relativt små hol. Fiskeridirektoratet har blant anna funne dokumentasjon på ei tidlegare hending der hundrevis av oppdrettstorsk gjekk ut gjennom to små hol i nota.