Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

Leppefisk-reguleringa 2024

Reguleringa av leppefisk i 2024 er i hovudsak ei vidareføring av opplegget for 2023.

Forskrift om regulering av fiske etter leppefisk i 2024

Her kan du lese heile reguleringa for fisket etter leppefisk for 2024 (lovdata.no)

Om fisket etter leppefisk

Reguleringa har gradvis blitt justert i tråd med aukande kunnskap om bestandane og påverknad frå fiskeri. Leppefisk blir brukt som reinsefisk i oppdrett, og Fiskeridirektoratet er opptatt av at leppefisk må regulerast i eit langsiktig perspektiv, samtidig som vi må ta omsyn til at leppefisk er eit etterspurt miljøvenleg tiltak for å redusere lus i oppdrettanlegga.

Fisket etter leppefisk føregår i tre geografiske område: Sørlandet, Vestlandet og nord for 62°N. Det er i all hovudsak bergnebb og grøngylt som blir fiska.

Med auka minstemål og innføring av maksimalmål for berggylt er fisket etter leppefisk vurdert som eit berekraftig fiske, med eit totaluttak og beskattingsmønster som følger anbefalingar frå Havforskingsinstituttet.

Minstemål for leppefisk

ArtStørrelse
Grøngylt12 cm
Berggylt22 cm
Maksimalmål 28 cm
Annan leppefisk11 cm

Totalkvote

Totalkvoten på 18 millionar leppefisk blir fordelt på tre regionar:

  • 4 millionar leppefisk på kyststrekninga frå grensa mot Sverige til Varnes fyr på Lista (Sørlandet)
  • 10 millionar leppefisk på kyststrekninga frå og med Varnes fyr på Lista til 62 grader nord (Vestlandet)
  • 4 millionar leppefisk på kyststrekninga nord for 62 grader nord
  • Totalkvoten blir fordelt med 90 prosent til lukka gruppe og 10 prosent til opaen gruppe.

Tidsrom

Sør for Stad: frå 12. juli klokka 08:00 til 20. oktober klokka 20:00

Nord for Stad: frå 26. juli klokka 08:00 til 20. oktober klokka 20:00

Innsending av leveringsavtale

Kravet om innsending av leveringsavtale for å delta i fisket etter leppefisk er oppheva og erstatta med krav om at leveringsavtalen skal framvisast i samband med kontroll og elles på førespurnad frå Fiskeridirektoratet, Kystvakta eller fiskesalslaga. Leveringsavtalen med godkjent kjøpar må føreligge før fartøyet startar opp fisket etter leppefisk.

Frå 2021 er det forbode å nytte ruser til fangst av leppefisk. For yrkesfiskarar som nyttar merkeregistrerte fartøy som har fiska og landa meir enn 3 000 stykk leppefisk med ruser i to av dei tre siste åra, blir det gitt dispensasjon slik at ruser kan nyttast fram til og med 2024.

Grupper

Lukka gruppe

Fartøykvotar i lukka gruppe er på 48 000 leppefisk per fartøy.

Frist for fangstlevering: Fartøy som deltek i lukka gruppe må innan 23. oktober klokka 20:00 ha tømt alle innretningar for mellomlagring av leppefisk, og levert leppefisken til kjøpar.

Open gruppe

Maksimalkvotar i open gruppe er på 8000 leppefisk per fartøy.

Frist for fangstlevering: Fartøy som deltar i open gruppe, fritidsfiske eller fiske under ungdomsfiskeordninga må ha tømt alle innretningar for mellomlagring av leppefisk, og levert leppefisken til kjøpar innan 23. oktober klokka 20:00 eller innan 72 timer frå ein stopp i fisket fastsett med heimel i § 23.

For deltaking i open gruppe gjeld alminnelege vilkår. Det er blant anna eit vilkår at eigar sjølv er høvedsmann om bord i fartøyet, med mindre det er gitt dispensasjon i samsvar med alminnelege reglar.

Det er dessutan slik at fartøyeigar berre kan delta med eit fartøy i open gruppe.

Fartøyeigar som deltar med fartøy i lukka gruppe kan ikkje også delta med fartøy i open gruppe.

Fritidsfiske

Det vil fortsatt vere mogeleg å søkje om løyve til fritidsfiske etter leppefisk for omsetnad på visse vilkår. Søkand skal sendast til Fiskeridirektoratet.

Søknadsskjema om løyve til fiske etter leppefisk for fritidsfiskarar (fiskeridir.no)

For å kunne få løyve må ein ha ein leveringsavtale med godkjent kjøpar og fartøyet må vere registrert i Småbåtregisteret hjå Redningsselskapet eller i Skipsregistra. Kopi av leveringsavtalen må sendast til Fiskeridirektoratet før fartøyet startar opp med å fiske etter leppefisk. Det vert ikkje gitt løyve til fiske med ruser.

Frist for fangstlevering: Fartøy som deltar i open gruppe, fritidsfiske eller fiske under ungdomsfiskeordninga må ha tømt alle innretningar for mellomlagring av leppefisk, og levert leppefisken til kjøpar innan 72 timer frå ein stopp i fisket fastsett med heimel i § 23.

Dersom Fiskeridirektøren stoppar fisket i open gruppe, vil det samtidig bli stopp i fritidsfisket etter leppefisk.

Posisjonsrapportering

I 2020 blei det innført eit krav om at deltakande fartøy skal vere utstyrte med typegodkjent automatisk identifikasjonssystem (AIS, klasse A eller B) eller VMS.

Dette kravet gjeld for alle fiskarar som driv ervervsmessig fiske i lukka gruppe, open gruppe og fritidsfiskarar. Kravet om posisjonsrapportering vart innført som ein konsekvens av behovet for å kunne gjennomføre kontrollverksemd på ein effektiv måte.

I tillegg gir posisjonsrapportar meir presis kunnskap om kvar fisket går føre seg. Noko som gir eit betre grunnlag for forvaltinga av leppefisk og fastsetjing av kvotenivå. For fartøy som brukar AIS skal MMSI-nummer sendast Fiskeridirektoratet på elektronisk skjema for leveringsavtalar.

Mellomlagring

Posisjonen til mellomlagringsmerdar og andre innretningar for å lagre leppefisk i sjø skal innrapporterast elektronisk på eige skjema på Barentswatch.no.

Rapportering for fritidsfiskarar og ungdomsfiskarar (barentswatch.no)

Framgangsmåte for inn- og utmelding for fritidsfiskarar og ungdomsfiskarar (barentswatch.no)

Rapportering av reiskap for yrkesfiskarar (barentswatch.no)

Posisjon skal oppgjevast ved bruk av lengde- og breiddegrader. Den som fiskar etter leppefisk og mellomlagrar fisken i sjøen før levering til kjøpar, skal rapportere talet på merdar og posisjonen når merdane blir tatt i bruk, når dei eventuelt blir flytta og når dei blir tatt opp eller ikkje lenger nyttast til mellomlagring av leppefisk.

Reiskapsavgrensing

På kyststrekninga frå og med Sverige til og med Agder: 100 teiner eller ruser per fartøyeigar 

På kyststrekninga frå og med Rogaland og nordover: 400 teiner og ruser per fartøyeigar 

Det er framleis krav om inngongssperre i reiskapen for å redusere bifangst av andre artar enn leppefisk, sjølv om fiskar er pålagt å straks sleppe all bifangst tilbake i sjøen.

Bruk av ruser

Frå grensa mot Sverige til og med Møre og Romsdal fylke, er det forbod mot å setje ut ruser for fangst av leppefisk.

Fartøy som fiska og landa meir enn 3 000 stykk leppefisk med ruser i to av åra 2018, 2019 og 2020, kan bruke ruser fram til og med 2024.

For fritidsfiskarar vart det forbode å bruke ruser til fangst av leppefisk frå og med 2020.

Påbod om rømmingshol

Kvart år går eit betydeleg antal teiner og ruser tapt. For å hindre at tapte reiskap spøkelsesfiskar er det innført eit påbod om rømmingshol i teiner og ruser.

Rømmingsholet skal klippast til slik at alle oppbevaringskammer opnar seg når bomullstråden ryk. Holet skal syast att med ein ubehandla bomullstråd, som er maksimum 4 mm tjukk. Dette er same krav som er lagt til grunn i krabbe- og hummarteiner.

Bifangst

Det er ikkje tillate å behalde bifangst i teiner eller ruser som er sett ut til fangst av leppefisk. Dette gjeld også bifangst av krabbe.

All bifangst skal straks tilbake i sjøen på ein slik måte at den ikkje vert skadd og at den finn tilbake til sitt naturlege miljø. Denne ordninga gjeld også leppefisk fanga i strid med gjeldande minstemål eller som av andre grunnar må setjast tilbake i sjøen.

Rapportering av faststående reiskap i fiske etter leppefisk

Vi handhevar ikke kravet om rapportering av fastståande reiskap, for teiner brukte i fisket etter leppefisk utanfor fjordlinjene nord for 62 °​​​​N, i sesongen 2024.

Kravet om rapportering av fastståande reiskap til Kystvakta, jf. Haustingsforskrifta § 25 første ledd bokstav a (lovdata.no), vil ikkje bli handheva for teiner brukte i fisket etter leppefisk, utanfor fjordlinjene nord for 62 °N, i sesongen 2024.

Årsaka til at vi vel ikkje å handheve dette kravet, er at utøvinga av fisket, kombinert med manglande teknologiske løysningar, gjer det vanskeleg å få til ei praktisk gjennomføring av rapporteringa sesongen 2024.

Merk at kravet om rapportering ved bruk av mellomlagringsmerd til Kystvakta, jf. Forskrift om regulering av fisket etter leppefisk i 2024 § 12 (lovdata.no), vil bli handheva i årets sesong.