Føring av setel for leppefiskarar
Ved landing av leppefisk skal det registrerast opplysingar om fangsten, som blir brukte til ressurskontroll, kvotekontroll og statistikkformål.
Krav til ressursregistrering ved landing og omsetning av leppefisk
Ved landing og omsetning av leppefisk skal det registrerast opplysningar om fangsten som vert brukt til ressurskontroll, kvotekontroll og statistikk.
Landings- og sluttsetlar er offisielle dokument der det er krav til utforming og innhald. Med landing meinast alle tilfelle der fisk vert lossa frå fiskefartøy, inkludert omlasting og lossing av fisk frå fartøy som transporterer omlasta fisk, samt opptak av fisk frå merd.
Dette følgjer av landingsforskrifta (lovdata.no).
Det vert gitt nokre tilpassingar til den praktiske gjennomføringa av krava i landingsforskrifta for leppefisk. Ved landing av fisk til merd er det tilstrekkeleg at det vert skrive ein setel per døgn. Det vert òg gjeve fritak frå kravet om føring av landingssetel ved opptak av leppefisk frå mellomlagringsmerd.
Krav til seteføring ved landing av leppefisk
Følgjande krav gjeld for føring av landings- og sluttsetel ved landing av leppefisk:
Kvar gong fisk vert landa, skal det førast ein setel.
- Ved overføring av leppefisk frå fiskefartøy til mellomlagringsmerd skal det førast landingssetel. Dersom fiskefartøy overfører leppefisk til merd fleire gonger i løpet av eit døgn, er det for dette fiskeriet unntaksvis tilstrekkeleg at det vert skrive éin landingssetel per døgn. Setelen skal fyllast ut elektronisk og signerast av den ansvarshavande om bord på fartøyet som landar fisken. Han skal vere ferdig utfylt og elektronisk signert seinast kl. 23.59. Setelen skal sendast til salslaget omgåande etter at han er signert.
- Ved overføring av fangst frå mellomlagringsmerd til eit føringsfartøy som fører fisken til oppdrettsanlegget på vegner av kjøpar («kjøpar sin forlengde arm»), skal det førast sluttsetel når fisken vert overført til føringsfartøyet.
- Når fisken vert overført direkte frå fiskefartøyet til kjøpar sitt føringsfartøy/køyretøy («kjøpar sin forlengde arm»), skal det førast sluttsetel.
- Når fiskefartøyet fraktar fisken direkte til oppdrettsanlegget/kjøpar, skal det førast sluttsetel når fangsten vert landa/levert til kjøpar.
- Kjøpar skal omgåande etter omsetning, som skjer etter at ei landing har funne stad, fylle ut sluttsetel som inneheld både landings- og omsetningsopplysningar, med eintydig referanse til landingssetelen.
- Ein sluttsetel kan berre vise tilbake til éin landingssetel. Det vil seie at dersom det vert landa til merd over fleire døgn, skal det skrivast ein sluttsetel per landingssetel når fisken vert teken over av kjøpar.
Generelle krav
All fisk skal førast på setel, også død og døyande fisk.
Landings- og sluttsetel skal fyllast ut i samsvar med krava i landingsforskrifta. Blant anna skal storleik og antal individ av dei ulike leppefiskartane opplysast, samt samla vekt for kvar art. Vekta kan bli rekna ut ved bruk av omrekningsfaktor for leppefisk fastsett av Fiskeridirektoratet.
Det skal nyttast elektroniske landings- og sluttsetlar, og setlane skal sendast inn elektronisk omgåande etter at dei er signerte. Kravet om omgåande føring og innsending av setlane bidreg til at forvaltninga kan følgje opp fisket og status for uttaket av leppefisk fortløpande.
Journal
Oppdrettsanlegg som kjøper leppefisk, skal føre journal. Når oppdrettarar hentar fisk med fartøy/køyretøy, oppstår journalplikta først når fisken kjem til oppdrettsanlegget.
Kjøparar som hentar leppefisk i tankbilar og sel fisken vidare til oppdrettarar, har òg journalplikt. Kravet til journal følgjer av landingsforskrifta paragraf 16 (lovdata.no).
Bruk av føringsfartøy
Fiskar må anten føre fangsten sjølv til oppdrettar med fartøyet det er fiska med, eller fisken kan bli overført frå merd til eit føringsfartøy, eventuelt overført frå fiskefartøyet til eit føringsfartøy. Føringsfartøyet fraktar fisken til oppdrettsanlegget av/på vegner av oppdrettar/kjøpar («kjøpar sin forlengde arm»).
Det skal førast sluttsetel ved opptak frå merd og tilsvarande ved overføring av fisken frå fiskefartøyet til kjøpar sitt føringsfartøy.