Om statistikken - Fiskermanntallet

1. Administrative opplysningar

1.1 Namn

Fiskarmanntalet.

1.2 Emnegruppe

Formålet med forskrifta er å regulere manntalet for fiskarar og fangstmenn (fiskarmanntalet) slik at det er eit påliteleg register for offentlege etatar over personar som er busette i Noreg og som har fiske eller fangst i havet som einaste leveveg, eller saman med anna næring eller anna arbeid.

1.3. Hyppigheit og aktualitet

Registeret vert dagleg oppdatert av Fiskeridirektoratet (måndag – fredag). Oppdatert register vert gjort tilgjengelig neste dag på vår nettside. Det er berre opplysningar registrert dagen før som vil være tilgjengelig på www.fiskeridir.no.

Registeret vert heile tida oppdatert i høve til dei endringar som vert gjort gjennom året. Regionkontora registrerer sjølv elektronisk endringar som har juridisk verknad for inneverande år. Endringar med verknad før dette må sendast til Fiskeridirektoratet sentralt for å bli registrert der.

1.4. Regionalt nivå

Fiskarmanntalet vert ført ved Fiskeridirektoratets regionkontor. Fiskeridirektoratet sentralt er klageinstans og fører et sentralregister. Herifrå oversendes også manntalsdata til dei etatar som bruker registeret: Garantikassen for fiskarar, NAV, fiskesalslaga og Fiskeridirektoratet sjølv. Alt materiale vedrørande statistikk over fiskarmanntalet vert publisert av Fiskeridirektoratet sentralt.

1.5. Ansvarleg seksjon

Fiskeridirektoratet, Fartøy- og deltakerseksjonen.

1.6 Lovheimel

Forskrift av 18. desember 2008 nr. 1436 om manntal for fiskarar og fangstmenn, fastsett av Fiskeri- og kystdepartement (nå Nærings- og fiskeridepartementet) med heimel i lov av 28. juni 1957 nr.12 om pensjonstrygd for fiskere § 4.

1.7. EU-rettsakt

Ikkje relevant.

1.8. Internasjonal rapportering

FAO, OECD, Eurostat mv.

2. Bakgrunn og Formål

2.1 Formål og historie

Formålet med forskrifta er å regulere manntalet for fiskarar og fangstmenn (fiskarmanntalet) slik at det er eit påliteleg register for offentlege etatar over personar som er busette i Noreg og som har fiske eller fangst i havet som einaste leveveg, eller saman med anna næring eller anna arbeid.

Ansvar for fiskarmanntalet vart overført frå Rikstrygdeverket til Fiskeridepartementet og rettleiingstenesta i Fiskeridirektoratet frå 1. juli 1981. Ny lov om rettleiingstenesta i fiskerinæringa sett i kraft 11. juni 1982, ny forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn m.v fastsett av Fiskeridepartementet med heimel i denne 26.09.1983.

Same lov fastsette at det skulle vere eiga fiskerinemnd og fiskerirettleiar i alle kystkommunar. Nokre kommunar hadde felles fiskerinemnd, ein del rettleiarar hadde ansvar for fleire kommunar. Fiskerinemnda hadde ansvar for føring av fiskarmanntalet, rettleiaren var manntalsførar og hadde det daglege ansvar. I kommunar utan rettleiar valde nemnda eigen manntalsførar. Både fiskerinemnd og manntalsførar hadde tett samarbeid med lokale trygde- og likningskontor. Personal og lokalkunnskap spela stor rolle i oppsett av manntalet.

Ordninga vedvarte til lov om rettleiingstenesta vart oppheva med verknad frå 1. juli 1998. Etter dette vart ansvar for manntalsføringa lagt til regionkontora i Fiskeridirektoratet. I gjeldande forskrift er det fastsett at regionkontora i Fiskeridirektoratet er manntalsførar og fattar vedtak etter forskrifta. Fiskeridirektoratet er klageinstans. Jf. forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn § 7.

2.2. Brukarar og bruksområde

Fiskarmanntalet vert brukt som grunnlag for tildeling av følgjande rettar og støtteordningar:

· Rettar i fiske administrert av Fiskeridirektoratet.

· Sosiale rettar i fiske og diverse tilskotsordningar i fiske over statsbudsjettet, administrert av Garantikassen for fiskarar.

· Basis for pliktig medlemskap i pensjonstrygd for fiskarar, der innbetaling av premie og eventuell tvangsinndriving skjer ved Garantikassen.

· Sjukepengar og trygderettar i fiske, administrert av NAV- trygd. Fiskarmanntalet er også tillagt betyding på ei rekkje andre område både offentleg- og privatrettsleg.

3. Om produksjon av statistikken

3.1. Omfang

Fiskarmanntalet vert revidert ein gong om året. Dette skjer om hausten og medfører full gjennomgang av alle som står i manntalet pr. 10. november. Dei ein går ut frå vil fylle vilkåra for komande år vert vidareført, dei andre sletta. Nytt fiskarmanntal gjeld heile komande år frå 1. januar.

Det kan gjerast strykingar frå fiskarmanntalet gjennom året. Nye opptak vert registrert etter kvart frå søknadsdato. I særlege høve kan opptak, om aktivitet i fiske vert dokumentert, tilbakedaterast inntil 1. januar året før. Slettingar ved utvandring, død eller ved utmelding etter eige ynskje vert gjort etter kvart.

3.2. Datakjelder

Til bruk ved oppsett av fiskarmanntalet vert det brukt opplysningar om inntekt og trygd frå Skatteetaten og frå NAV-trygd da dette er sentralt i vilkåra for opptak.

3.3. Utval

Ikkje relevant.

3.4. Datainnsamling

Nye opptak i fiskarmanntalet baserer seg på innmelding frå fiskar. Søknad om opptak skal gjerast på eige skjema og søknaden vert vurdert på basis av vedlagte opplysningar og dokumentasjon. Godkjente opptak vert fortløpande registrert. Personar som står i manntalet kan melde seg ut pr. dato utan å gje nærmare grunn.

3.5. Kontroll og revisjon

Se pkt.3.1. Fiskarmanntalet er eit register for tildeling av rettar, det er primært ikkje oppretta for statistikkformål. For sakshandsaming gjeld forvaltningslova og nokre særreglar i manntalsforskrifta.

3.6. Berekningar

Ikkje relevant.

3.7. Konfidensialitet

Fiskarmanntalet er eit personregister som er underlagt dei avgrensingar som følgjer av lov av 14. april 2000 nr. 31 om personopplysningar. Sakshandsaminga er underlagt teiingsreglane som følgjer av forvaltningslova, likningslova og trygdelovgjevinga.

4. Begrep, variablar og grupperingar

4.1 Definisjon av dei viktigast begrep og variablar

Fiskarmanntalet er delt inn i blad A og blad B. Blad A skal vere eit register over personar som har fiske eller fangst som attåtnæring. Blad B skal vere eit register over personar som har fiske eller fangst som hovudnæring.

Reglane for opptak står i forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn §§ 3-4 (blad A) og §§ 5-6 (blad B). Nokre vilkår er felles for begge blad: Vedkomande må ha fylt 15 år, vere busett i Noreg og må arbeide om bord i fartøy innført i registeret over merkepliktige norske fiskefartøy. Jf. forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn § 3.1-3 (blad A) og § 5.1-3 (blad B).

Det gjeld og eit minstekrav til aktivitet i fiske samt eit krav om at vedkomande ikkje må vere sysselsett i full verksemd i anna yrke eller næring enn fiske og fangst og hausting av viltlevande marine ressursar. Dette gjeld begge blad, men utforminga er ulik då blad A har lempelegare vilkår.

For opptak på blad A må vedkomande på årsbasis har ei brutto inntekt av fiske som minst svarer til 50 000 kroner. Brutto inntekt frå fiske svarer til brutto lottinntekt for lottmotakarar og 2/3 av brutto omsetning fråtrekt eventuelle salskostnader for einefiskarar. Jf. forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn § 3.4

Vedkomande må heller ikkje vere sysselsett i full verksemd i anna yrke eller næring enn fiske og fangst og anna hausting av viltleande marine ressursar. Det er å rekne som full verksemd om ein har arbeidstid på 2/3 eller meir av det som er vanleg innan vedkomande yrke eller næring. Det er og å rekne som full verksemd dersom inntekta på årsbasis overstig 400 000 kroner, jf. forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn § 3.5

Vedkomande tek ikkje imot ugradert alderspensjon med mindre vedkomande er under 75 år og har vore registrert i manntalet samanhangande i minst eit av dei siste 10 åra, og vedkomande tek heller ikkje imot uførepensjon etter uføregrad på 100%, jf. forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn § 3.6

For opptak på blad B må vedkomande ha inntekt frå fiske og fangst som på årsbasis svarer til minst 100 000 kroner, jf. forskrift om føring av manntal for fiskarar og fangstmenn § 5.4.

Vedkomande må heller ikkje vere sysselsett i full eller avgrensa verksemd i anna yrke eller næring enn fiske og fangst og anna hausting av marine viltlevande ressursar. Det er å rekne som full eller avgrensa verksemd dersom ein har arbeidstid på 2/3 eller meir av det som er vanleg innan vedkomande yrke eller næring, eller om ein er sjølvstendig næringsdrivande og har tilsette i verksemda si utanom hausting av viltlevande marine ressursar. Det er også å rekne som full eller avgrensa verksemd dersom inntekta på årsbasis overstig 300 000 kroner, jf. forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn § 5.5.

Vedkomande må ha inntekt av fiske og fangst som er minst to gonger så høg som inntekta frå anna yrke eller næring, jf. forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn § 5.6.

Vedkomande tek ikkje imot ugradert alderspensjon med mindre vedkomande er under 75 år og har vore registert på blad B samanhangande minst eit av dei siste 10 åra, og vedkomande tek ikkje imot uføretrygd etter uføregrad høgre enn 60%. Jf. forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn § 5.7.

4.2. Standard klassifikasjoner

Ikkje relevant.

5. Feilkjelder og uvisse

5.1. Måle- og bearbeidingsfeil

Feil ved juridisk sakshandsamling og skjønnsutøving kan aldri utelukkast. Punsjefeil kan også skje.

5.2. Fråfallsfeil

Ikkje relevant.

5.3. Utvalsfeil

Ikkje relevant.

5.4. Andre feil

Ikkje relevant.

6. Samanlikningsbarhet og samanheng

6.1. Samanlikningsbarhet over tid og stad

Ikkje relevant.

6.2. Samanheng med annan statistikk

Ikkje relevant.

7. Tilgjengelegheit

7.1. Publikasjonar og andre lenker

Oppdatert fiskarmanntal er lagt ut i Manntalregisteret og vert publisert i rapporten "Fiskefartøy og fiskarar, konsesjonar og årlege deltakaradgangar" ein gong pr. år.

7.2. Lagring og bruk av grunnmaterialet

Grunnlagsmaterialet vert lagra som fastsett i forvaltningslova og arkivlova.