Ungdomsfiskeordninga kongekrabbe
Her finn du skjema for påmelding til fangst av kongekrabbe under ungdomsfiskeordninga. Målet er å gi unge ein inngang til fiskaryrket.
Registrering 2024
Registrering for ungdomsfiskeordninga kongekrabbe opnar i månadsskiftet april-mai kvart år. Skjema finn du her. Påmelding til fiske av kongekrabbe må skje seinast 1. juni.
Kven kan bruke skjemaet?
Ungdom mellom 16 og 25 år, som fyller 16 år seinast det aktuelle året, og som ikkje har fylt 25 år 30. april 2024.
Grense for omsetnad
Innanfor ungdomsfiskeordninga kan det per person og per fartøy ikkje bli omsett fangst for meir enn 50 000 kroner. Dette gjeld samla for fangst av kongekrabbe og andre artar.
Ungdom, som er påmelde ungdomsfiskeordninga, kan kvart år fiske og lande så mange kilo som kvoten fastset. Kvoten gjeld hannkrabbe, hokrabbe og skadd krabbe.
Krav til bustad
Ungdom som skal delta i fangst av kongekrabbe under ungdomsfiskeordninga må vere busett i Finnmark.
Kvittering
Hugs å ta vare på kvitteringa på at du har sendt inn skjemaet. Kvitteringa må være tilgjengeleg og må kunne visast fram ved kontroll.
Registrering hos salgslag
Når registreringen hos Fiskeridirektoratet er gjort, må ungdomsfiskeren kontakte sitt salgslag. Salgslaget trenger informasjon for å betale ut penger for fangst og for å gi tilgang til signeringsappen CatchSign.