Plikt til å samarbeide ved kontroll
Ved enkelte høve i vinter har Fiskeridirektoratet opplevd at mottak har motsatt seg kontroll ved landing av fisk. Både mottak og fiskefartøy er pliktige til å samarbeide ved kontroll. Brot på denne plikta kan medføre reaksjonar.
Det er Fiskeridirektoratet ved inspektørane som er ute på kontroll som fullt og heilt avgjer om kontroll skal gjennomførast, kva som er omfatta av kontrollen og korleis den blir gjennomført.
Tydelege heimlar
Det er paragrafane 44, 45 og 46 i Havressurslova som omtalar kontrollansvaret til Fiskeridirektoratet, plikta til å samarbeide og som slår fast tilgangen Fiskeridirektoratet skal ha til system og fasilitetar på mottak og fiskefartøy.
– Vi har fått meldingar om at mottak til dømes nektar å la inspektørane gjennomføre sløyeprøvar, og om fangsten skal vegast rund eller bearbeidd (sløgd og hovudkappa). Vi har gjennom Havressurlova heimel til å gjennomføre kontroll slik vi meiner den skal gjennomførast. Dette er ikkje noko mottak eller fiskefartøy kan nekte på. Vi vil i tråd med tidlegare praksis vurdere reaksjonar på brot på samarbeidsplikta, seier seksjonssjef for fiskerikontroll og veiledning i Fiskeridirektoratet, Torkjell Andersen.
Viktig
Reaksjonar kan vere skriftleg rettleiing, lovbrotsgebyr eller i verste fall politianmeldelse. Fiskeridirektoratet er klar over at kontrollar vil kunne ta ned tempoet ved mottak av fangst og at det i nokre tilfelle kan oppstå venting. Men Andersen minner om at kontroll er svært viktig.
– Vår hovudoppgåve er å sjå til at ressursuttaket er i tråd med fastsatte kvotar, og at all aktivitet i samband med fiske og bearbeiding blir gjennomført i samsvarmed regelverket. For at vi skal oppfylle vårt kontrollansvar er det derfor avgjerande at verksemdene samarbeider og at vi har full tilgang til både mottak av fartøy, seier Andersen.