Søknadsskjema til rekrutteringskvotar i ope gruppe er klart
Nærings- og fiskeridepartementet har vedtatt å vidareføre ordninga med rekrutteringskvotebonus til unge fiskarar. Søknadskjema er no tilgjengeleg på Fiskeridirektoratet sine nettsider.
Søknadsskjema for rekrutteringskvote
Det er opna for å tildele inntil seks rekrutteringskvotar og søknadsfristen er 31. desember 2023. Det skal tildelast tre kvotar til menn og tre kvotar til kvinner og kvotane gjeld for torsk, hyse og sei nord for 62°N, makrell i Nordsjøen, sild i Nordsjøen og nvg-sild.
Øvre aldersgrense for menn er 30 år og 40 år for kvinner. Les meir om ordninga og kva slags vilkår som gjeld: