Tilrår redusert utførselskvote utan tidfesting
Fiskeridirektoratet har no sendt over oppsummering og tilråding til endra regelverk for turistfiske til Nærings- og fiskeridepartementet. Direktoratet tilrår å redusere utførselskvoten frå 18 til 10 kilo, men utan å tilrå eit bestemt tidsrom for å innføre dette.
Høyringa om forslag til endra regelverk for turistfiske skapte eit stort engasjement og det kom inn 260 høyringssvar. Svara har mellom anna kome frå offentlege etatar, organisasjonar, kommunar og fylkeskommunar, næringsforeiningar, regionråd, reiselivsorganisasjonar, turistfiskeverksemder og privatpersonar.
Oppleving og reduserte bestandar
– Ei eventuell endring av utførselskvoten er nok det forslaget som har skapt størst engasjement og ei samla turistfiskenæring er sterkt imot å redusere kvoten. Vi tilrår likevel å redusere kvoten, men utan å ta stilling til kor raskt det bør gjerast. Vi meiner at turistfiske først og fremst skal vere ei oppleving. I tillegg er det slik at turistfiske først og fremst er fangst av kystnære, ofte artsfattige bestandar. Fleire av desse er i dårleg forfatning , noko som også bør visast igjen i turistfiske – ikkje berre som reduserte kvotar i yrkesfiske, seier fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen.
Fornuftig
Høyringssaka og tilrådinga til NFD er basert på ein rapport frå ei intern arbeidsgruppe i Fiskeridirektoratet som la fram sin rapport 30. august i fjor. Forslaget om å innføre ei aldersgrense på 12 år for å kunne ta med fisk ut av landet er langt mindre omstridt og dei fleste høyringssvara støttar ein slik regel. Fiskeridirektoratet opprettheld difor dette forslaget.
– Dei fleste av dei som har sendt inn høyringssvar synes det er fornuftig å ha aldersgrense, ikkje minst Tolletaten støttar dette. Også forslaget om innfrysingsforbod for alle unntatt gjester ved registrerte turistfiskeanlegg er det nokså brei semje om, men også her er mange turistfiskeverksemder imot. Vi tilrår at dette tiltaket og forbod mot innfrysing og utførsel av skjel og skaldyr blir innført, seier Bakke-Jensen.
Standarddokument
Både turistfiskeverksemder, reiselivsorganisasjonar og Tolletaten har sakna eit standardisert dokument for utførsel av fisk og fiskevarer. Innføring av eit slikt standarddokument er det brei semje om og det bør derfor kome på plass.
– Eit slikt dokument vil gjere det lettare for alle, både den som tar med seg fisk ut av landet, for turistfiskeverksemdene som skal attestere at den som tar fisk med seg ut av landet faktisk har vore gjest ved anlegget og ikkje minst for Tolletaten som får ein lettare kontrolljobb. Fiskeridirektoratet kan påta seg å utforme ein mal for eit standard utførselsdokument, seier Bakke-Jensen.