Organisering

Vi har 20 kontor langs kysten av Noreg, og om lag 420 årsverk. Her finn du korleis vi er organiserte og oversikt over kontor.

Organisasjonskart

Her er direktoratets organisasjonskart: 

Fiskeridirektoratets organisasjonskart

Fiskeridirektøren

Frank Bakke-Jensen er fiskeridirektør og øvste leiar i Fiskeridirektoratet, og tiltredde som fiskeridirektør 1. desember 2021.

Fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen. Foto: © Vegard Oen Hatten / Fiskeridirektoratet.

Fiskeridirektøren høyrer på råd frå alle fagpersonane som er tilsette i Fiskeridirektoratet og frå direktørmøtet, men har myndigheit til å ta dei endelege avgjerdene.

I direktørmøtet sit fiskeridirektøren, direktørane for forvaltingsdivisjonen, tilsyns- og kontrolldivisjonen, styringsavdelinga, IT-avdelinga, kommunikasjonsavdelinga og leiarane av HR-staben og klagesakseininga.

Divisjonene og avdelingene i direktoratet

HR-staben vert leia av Gunnar Larsen. Dei har ansvar for personalforvalting og kompetanseutvikling. Kompetanseutvikling i HR-staben er knytt til opplæring av nytilsette. HR-staben har løpande oversikt over nytilsetjingar, og ansvaret for generell opplæring av nytilsette vil vere ei naturleg forlenging av arbeidet i staben. 

Styringsavdeling vert leia av Hildegunn Grimstad. Avdeling består av fire seksjonar som blant anna har ansvar for oppgåver innan økonomi, løn, verksemdstyring, organisasjonsutvikling, sikkerheit og beredskap, arkiv, innkjøp og drift. I tillegg er biblioteket underlagt avdelinga.

Forvaltningsdivisjonen vert leia av Jon-Erik Henriksen. Divisjonens hovudoppgaver er å løyse sentrale direktoratsfunksjonar knytt til areal og miljø, tildeling av løyver innan akvakultur og regulering av fiskeria. Løpande ajourhald og utvikling av kartløysningar, register, statistikk og analyse skal støtte opp under dei val som vert gjorde.

Tilsyns- og kontrolldivisjonen vert leia av Siv June Hansen. Divisjonen skal jobbe for å sikre hausting av marine ressursar i samsvar med nasjonale og internasjonale reguleringar og ei akvakulturnæring som driv i tråd med fastsette krav.

IT-avdelingen vert leia av Kjersti Dalland. Avdelinga har ansvar for utviklinga og drift av den digitale plattforma og tilhøyrande tenester i Fiskeridirektoratet. I tillegg sørger IT-avdelinga for brukarstøtte og drift av teknisk infrastruktur. Avdelinga har fire seksjonar.

Kommunikasjonsavdelinga vert leia av Anette Aase. Avdelinga har ansvar for nettsidene fiskeridir.no og intranettet Nettfisken, mediaovervakng, -handtering og -kursing, generell kommunikasjonsrådgjeving til organisasjonen internt og eksternt, haldningsskapande arbeid - særleg rundt marin forsøpling og fritidsfiske, messer og konferansar, visuell profil og klart språk. Vidare har avdelinga overordna ansvar for at direktoratet utviklar brukarvenlege og universelt utforma løysinger, driv publikumskontakta (sentralbord) og er produkteigar for "Min side". 

Klagesakseininga vert leia av Rune Løvås. Klagesakseininga har ansvar for klagesaksbehandling på vedtak fatta av Fiskeridirektoratet, fylkeskommunane, fiskesalslaga og Prisrådet i medhald av havressurslova, deltakarlova, akvakulturlova og fiskepensjonslova, med tilhøyrande forskrifter.

Fiskeridirektoratets kontor

Vi har 20 kontor langs kysten av Noreg.

Fiskeridirektoratets kontorer
​​​