Personvern
Fiskeridirektoratet vernar og respekterer ditt personvern. Vi behandlar personopplysingar i samsvar med den til ei kvar tid gjeldande personvernlovgjevinga.
Denne personvernerklæringa beskriv korleis Fiskeridirektoratet samlar inn og brukar personopplysingar, og kva vi gjer for å beskytte dine personopplysingar. Personvernerklæringa vert oppdatert fortløpande.
Fiskeridirektoratet er behandlingsansvarleg for vår behandling av personopplysingar. Fiskeridirektøren har det formelle og overordna ansvaret. Fiskeridirektoratet har oppnemnt eit personvernombod som kan kontaktast på e-post personvern@fiskeridir.no.