Oversikt over tapte og funne reiskap

Taloversikt frå Fritidsfiskeappen om tapt og funnen reiskap. Alle kan registrere tap og funn av reiskap.

Om dataa

Visinga av tala blir oppdaterte dagleg, dersom det er gjort endringar/registreringar siste døgnet. 

Oversikten viser data både frå den gamle appen Fritidsfiske og den nye Fritidsfiskeappen som kom mai 2020. 

Rapportering av funnen reiskap vart tilgjengeleg i den nye Fritidsfiskeappen i mai 2020. 

Rapportering av funnen reiskap vart tilgjengeleg i appen Fritidsfiske i september 2017, men det var først i juni 2018 at funksjonen for å knyte rapporten til ein dykkeklubb vart tilgjengeleg.

Nedlasting av data

Du kan laste ned tabellen ved å velge Download nedst til høgre under tabellen. I nokre tilfelle kan det hende at valmoglegheitene/formata under Download ikkje er tilgjengelege - då vert dei viste i lysegrått. For å gjere dei tilgjengelege må du sette markøren ein stad inne i tabellen. 

For å laste ned til Excel: Vel «Crosstab» i Download-menyen. Da får du lasta ned dataa i CSV-format, som kan opnast i Excel.

Om du ynskjer å bearbeide tabellen vidare i Excel, må du konvertere informasjonen til tal. Dette kan du gjere ved å bruke Søk og Erstatt-moglegheita i Excel. I Søk-feltet held du «Alt»-knappen inne og trykkjer 0160. I Erstatt-feltet skriv du ingenting. Deretter vel du «Erstatt alle».