Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

Reiskapskontroll i Vestland i november

Fiskeridirektoratet og Kystvakten gjennomførte i midten av november 200 kontrollar i deler av Vestland fylke. Mykje bra, men også beslag av hummar med utvendig rogn.

Kontrollane vart utført frå Kystvaktfartøyet «KV Tor» i perioden 11. – 14. november i området frå Øygarden til Austevoll i Vestland fylke. Resultatet er 10 anmeldelsar og 29 beslag.

– Det mest alvorlege tilfellet var funn av to hummarar med utvendig rogn. Regelverket er tydeleg på at hummar med utvendig rogn skal setjast ut att i sjøen. Rognhummarane vart oppdaga i eit umerka krespebur og saka er anmeldt. Dei to hummarane vart forøvrig gjenutsatt i eit fredingsområde for hummar, seier førsteinspektør Rudi Iden i Fiskeridirektoratet.

Beslag og gjenutsetting av hummar med utvendig rogn. Foto: Fiskeridirektoratet

Snart slutt

Hummarfisket sør for Stad nærmar seg slutten og sør for 62° N skal hummarteinene opp or sjøen før 1. desember. Nord for 62° N kan fisket etter hummar fortsette ut året.

– Kontrollane viste svært mykje bra når det gjeld hummarfisket, men vi måtte gi nokre advarslar for mangelfull merking på vak, teiner og samleteiner. Vi kontrollerte også krepseteiner, og her var det nokre tilfelle av teiner med manglande bomullstråd for rømmingshol, seier Iden, som også minner om røktingsplikta for teiner.

Hummar kan oppbevarast i samletiner/-kister fram til og med 31. desember. All hummar i samleteiner skal meldast inn til Fiskeridirektoratet.

Oppdatert: 22.11.2024