Minstemål i fritidsfiske

Alle som fiskar i sjøen i Noreg må følge reglane om minstemål. Målet er at fleire småfisk skal få leve til dei blir store nok til å formeire seg.

Makrell og sei er unntatt

Det er ikkje minstemål på makrell og sei for fritidsfiskarar, så sant ein ikkje skal selje fangsten. Det er heller ikkje minstemål på brosme, steinbit og lyr. Vanlege artar med minstemål er torsk, hyse, krabbe og hummar.

Alle minstemål står i haustingsforskriften (lovdata.no), med unntak av hummar som har eigen forskrift (lovdata).

Minstemål for dei vanlegaste artane

ArtMinstemål
Blåkveite45 cm
Breiflabb i garnfiske60 cm
Hummar25 cm
Hyse:
Nord for 62°N
Sør for 62°N
 
40 cm
32 cm
Kviting32 cm
Kveite84 cm
Krabbe:
frå svenskegrensea til og med Rogaland
resten av landet
 
11 cm
13 cm 
 
Lysing30 cm
Raudspette29 cm
Sjøaure:
Nordland, Troms og Finnmark
resten av landet
 
30 cm
35 cm
Stort kamskjel10 cm
Sjøkreps13 cm
Torsk:
Nord for 62°N:
| Utenfor 4 nautiske mil av grunnlinjene
|| Innenfor 4 nautiske mil av grunnlinjene

Sør for 62°N
 
 
44 cm
55 cm

40 cm
 
Uer
| Utenfor 12 nautiske mil gra grunnlinjene
|| Innenfor 12 nautiske mil fra grunnlinjene

30 cm
32 cm

 

Korleis unngår du fangst av fisk under minstemål?

Det beste er å prøve å tilpasse fisket slik at du unngår å få fisk under minstemål. Du kan for eksempel prøve auka krokstørrelse eller større maskevidde i garnet. Du kan også vurdere å fiske i eit anna område.

Dersom du får fisk under minstemål, kan du fukte hendene i sjøen, løyse fisken forsiktig frå reiskapen og sleppe den ut igjen. Dersom fisken er daud eller ikkje levedyktig, kan du ete den. For å unngå å få fleire fisk under minstemål, bør du skifte fiskeplass eller prøve med større krok.

Blir du straffa?

Målretta og bevisst fangst av fisk under minstemål vil kunne straffast, men hovudpoenget er ikkje å straffe folk. Poenget er å bidra til at folk flest fiskar etter stor og vaksen fisk i staden for småfisk.

Vi veit ikkje nøyaktig kor mykje fritidsfiskarar hentar ut av fjordane og dei kystnære områda, men vi veit at det er såpass mykje at det har innverknad på bestandane. Du tenker kanskje at det du fiskar ikkje betyr så mykje, men det vi til saman tar opp blir ein god del i løpet av eit år.

Vi er heldige som kan leve i tett samspel med naturen og havet og bruke sjøen til matauk. Det privilegiet må vi ta vare på og i fellesskap gjere vårt beste for at liten fisk kan vekse seg stor, gyte og få mange etterkomarar. Slik bidrar vi til å bevare livet i havet for framtidige generasjonar. 

Filmar om reglar for fritidsfiske

Sjå dei på vår YouTube-kanal (youtube.com)