Hummarteiner
Her finn du krava til teiner i hummarfiske, blant anna om tal på teiner, fluktopningar, rømmingshol og merking av vak.
Innhold
Kor mange hummarteiner kan du bruke?
Hummar kan berre fangstas med teiner som er tilpassa hummarfiske. Får du hummar med annan reiskap, må du setje hummaren tilbake i sjøen.
Som fritidsfiskar kan du bruke inntil 10 hummarteiner per person og per båt. Dersom fleire personar fiskar frå same båt, kan de til saman ikkje bruke meir enn 10 hummarteiner. Det same gjeld dersom éin person fiskar frå fleire båtar.
Brukar du både hummarteiner og andre teiner i hummarfiskeperioden, kan du berre fange hummar med hummarteinene.
Hugs: I Oslofjorden kan du bruke inntil 5 hummarteiner.
Det er ingen krav til minimumsdjupn for teiner i hummarfisket.
Fluktopningar og rømmingshol
Ei hummarteine skal ha minst to sirkelforma fluktopningar - éi på kvar side av reiskapen. Fluktopningane må vere minst 60 millimeter og vere plasserte nede ved botnen, slik at hummar under minstemål lett kan ta seg ut.
Hummarteiner har også krav om rømmingshol. Rømmingshol er løysingar som etter ei viss tid opnar seg og stoppar vidare fangst i ei tapt teine.
Sjå vår rettleiing til montering av rømmingshol i hummarteiner.
Merking av hummarteiner og vak
Som fritidsfiskar skal både vaket og kvar enkelt teine vere tydeleg merka med namn og adresse.
Når du fiskar hummar, skal vaket i tillegg vere merkt med deltakarnummeret ditt. Kvar teine skal vere merkt sjølv om du set fleire teiner i lenke.
Sanke- og samleteiner skal merkast på same måte.
Merking for fritidsfiskar
Ola Nordmann
Svingen 4
5550 Kysten
OLA-NOR-168 (deltakarnummer)
Merking for yrkesfiskar
SF-123-F (fartøyets registreringsmerke)
OLA-NOR-321 (deltakarnummer)
-
Monteringsrettleiing for rømmingshol i hummar- og krabbeteiner – for fritidsfiskarar
Her finn du krav og rettleiing for montering av rømmingshol i hummar- og krabbeteiner for fritidsfiskarar og turistfiske utan merkeregistrert fartøy.
-
Fredingstider og fredingsområde for hummar
Her finn du fredingstidene for hummar og oversikt over fredingsområde der det gjeld eigne reglar for fiske.
-
Last ned Fritidsfiskeappen
Skal du ut å fiske? Les om reglar for artar, reiskap og ferdsel på sjøen. Meld tapt reiskap og ver med å minske spøkelsesfiske og marin forsøpling.
-
Merking av reiskap
Her finn du reglane for merking av fiskereiskap, kva som skal merkast, korleis det skal gjerast og kvifor god merking er viktig.