Saman om reinare hav
Gode rutinar er avgjerande for å hindre at den omfattande bruken av plastutstyr i havbruksnæringa endar med forsøpling. Dette har vi laga film om, som ein del av arbeidet vårt retta mot marin forsøpling.
Havbruksnæringa nyttar store mengder utstyr av plast i sin arbeidskvardag. Erfaring og analysar av strandsøppel viser at delar av dette utstyret hamnar på avvege og bidrar til marin forsøpling.
–Marin forsøpling utgjer ein risiko for miljø, dyreliv og framtida for havet som matfat, seier Britt Leikvoll, seksjonssjef strategisk akvakulturseksjon.
Typiske gjenstandar frå havbruksnæringa som blir funne i strandsona er taustumpar, delar av fôringsrøyr, blåser og kuler.
–Havbruksnæringa kan forhindre mykje av denne forsøplinga med førebyggjande rutinar og ved å vise aktsemd, og vi forventar at næringa følgjer opp ansvaret sitt knytt til å førebyggje marin forsøpling, seier Leikvoll.
Dei kan hindre forsøpling gjennom:
- sjekkpunkt under eige tilsyn med anlegg
- straks å utbetre feil og manglar som kan resultere i marin forsøpling
- rutinar for å halde anlegget ryddig
- tilpassa tiltak før og etter uvêr
Miljømessig forsvarleg drift
–Det er eit grunnleggjande krav i regelverket at drifta skal vere miljømessig forsvarleg Det betyr at den som er ansvarleg for den daglege drifta skal sikre at det blir ført eige tilsyn med tilhøve som har betydning for eller kan påverke miljøet, seier Leikvoll.
Tilsynet skal utførast minst ein gong om dagen, når det er fisk i anlegget og vêrtilhøva tillèt det. For anlegg med andre artar enn fisk, skal tilsynet utførast minst ein gong i veka.
–Når det er varsla uvêr, skal det utførast særskild kontroll av at installasjonar er forsvarleg sikra. Installasjonane skal også sjåast over straks uvêret er over, seier Leikvoll.
Anlegga skal også vere ryddige til ei kvar tid.