Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

Utførselskvote og fiskesmugling

Utførselskvoten er 18 kg for gjester ved registrerte turistfiskebedrifter. 

Utførsel av fisk: kvote og dokumentasjon

Det er berre mogleg å utføre fisk dersom du har fiska og opphalde deg hos ei registrert turistfiskebedrift. Utførselskvoten er 18 kilo fisk eller fiskeprodukt. Du kan ta med deg utførselskvoten inntil to gongar per år.

Du kan ikkje ta med troféfisk i tillegg til utførselskvota. Ferskvassfisk, som laks, aure og røye, kjem utanom utførselskvoten. 

Turistfiskarar skal dokumentere at fisket har gått føre seg i regi av ei registrert turistfiskebedrift når dei tar fisk ut av landet. Som dokumentasjon godtar Tolletaten dokument som inneheld følgande opplysingar:

  • den registrerte turistfiskebedrifta sitt namn, adresse og organisasjonsnummer
  • namn på den eller dei som har fiska i regi av bedrifta
  • tidsrommet for opphaldet

Personane som er namngjevne på dokumentet må vere med når fisken blir ført ut av landet.

Bøter for fiskesmugling

Bøtene for fiskesmuglarar, som tar med seg ulovleg fisk ut av Noreg, er 8000 kroner og i tillegg 200 kroner per kilo fisk eller fiskevare.

Fiskesmugling er både miljø- og økonomisk kriminalitet. Det gjer det vanskeleg å ha god oversikt på ressursuttaket frå havet. I tillegg øydelegg det for den seriøse delen av turistfiskenæringa.