Ferdsel ved oppdrettsanlegg

Det er forbode å fiske nærare enn 100 meter frå oppdrettsanlegg.

Kvifor skal ein ikkje ferdast ved oppdrettsanlegg?

Likeeins å ferdast nærare enn 20 meter frå anlegget og tilhøyrande slepekast eller notsteng som er fortøydd i land eller på annan måte.

Grunnen er at det kan skje uhell, som mellom anna kan føre til at fisk rømmer.

Forbodet mot fisk og ferdsel ved oppdrettsanlegg er heimla i akvakulturdriftsforskrifta, paragraf 18 (lovdata.no).

Varsle om rømt fisk

Får du vite eller har mistanke om at fisk har rømt frå oppdrettsanlegg, meld straks frå til Fiskeridirektoratet.