Du er her:

Leppefisk i yrkesfiske

Oppdatert: 25.04.2018

Fisket etter leppefisk har tatt seg kraftig opp dei siste åra og det er innført stadig strengare reguleringar for å kunne handtere den sterke veksten og sikre bestandane av leppefisk.

leppefisk.jpg

Fisket etter leppefisk foregår i tregeografiske områder; Sørlandet, Vestlandet og Midt-Norge og det er i all hovudsak bergnebb og grønngylt som blir fiska.

Leppefisk blir brukt som rensefisk i oppdrett. Fiskeridirektoratet er opptatt av at leppefisk må regulerast i eit langsiktig perspektiv, men er samstundes opptatt av at bruk av leppefisk er eit etterspurt miljøvenleg tiltak for å redusere luseangrep i oppdrett.

Dette har resultert i eit stort press på bestandane av leppefisk langs kysten, og regelverket er difor skjerpa for at forvaltninga av leppefisk skal vere meir i tråd med føre-var-prinsippet.