Reglar for turistfiske
Det har blitt fiska mykje langs kysten av Noreg. Om komande generasjonar skal ha sjansen, må det gjerast ein innsats for å sikre fiskebestandane for framtida.
Liste over reglar for turistfiskebedrifter og utanlandske turister
Om komande generasjonar skal ha moglegheita til å fiske, følg dissa reglane:
- Kun bruke handhalden reiskap. Turistar har ikkje høve til å bruke garn, teiner, ruser, liner eller liknande.
- Ferdast meir enn 100 meter frå nærmaste oppdrettsanlegg når ein fiskar. All båttrafikk skal skje minst 20 meter unna oppdrettsanlegg og festeanordningar.
- Har ikkje lov til å selje fangsten.
- Må ikkje fiske fisk under minstemål.
- Må ikkje fiske freda arter (nokre artar er heilt eller delvis freda)
- Kan ikkje delta i direkte fangst av kongekrabbe, men det er sett av ein kvote til bedrifter som driv turistfiske i Finnmark, sjå turistfiske etter kongekrabbe
- Kan på visse vilkår delta i jakt på kystsel saman med ein norsk statsborgar dersom ein har godkjent skyttarlisens.
Filmar om turistfiske
I spillelista "International" på vår Youtube-kanal (youtube.com) kan du sjå filmar om blant anna turistfiske i Noreg. Filmane varierar i språk, som for eksempel norsk, engelsk, tysk, russisk og svensk.