Rapportering av fangst for turistfiskebedrifter
Rapportering av fangst frå turistfiskeverksemder skal skje digitalt på godkjende fagsystem.
Godkjende fagsystem
Det er kun systema i lista under som skal brukast til fangstrapportering. Det er ikkje mogleg å sende fangstrapportar via post, e-post eller telefax.
Fishlog
Nettside: fishlog.no
E-post: bengt@humetrica.com
Telefon: 415 02 632
Fishmemo
Nettside: fishmemo.com
E-post: kontakt@frifugl.no
Telefon: 982 82 291
Fishreg
Nettside: fishreg.net
E-post: post@fishreg.net
Telefon (tysk nummer): +49 157 52510021
Telefon (norsk nummer): 413 83 142
GoFish
Nettside: gofish.no
E-post: hello@gofish.no
Telefon: 902 84 000
Yes seafishing
Nettside: yesseafishing.no
E-post: post@yesseafishing.no
Telefon: 913 78 996
Artar som skal rapporteres
Registrerte turistfiskebedrifter skal rapportere fangst av desse fem artane:
- torsk
- kveite
- uer
- steinbit
- sei
Rapporteringa skal skje fortløpande etter kvar enkelt fisketur. Har det ikkje vore fiskeaktivitet treng du ikkje rapportere, men fisketurar utan fangst skal også rapporterast. Rapporteringa gjeld uavhengig av kva nasjonalitet eller bustad den som fiskar har.
Kviforfor skal fangstane rapporterast som mengd fisk og ikkje vekt?
Det er fleire fordelar med å rapportere mengd i staden for vekt: Det er enkelt å rapportere, det er ikkje behov for vekt, og metoden er derfor kostnadseffektiv og lett å gjennomføre. Det spelar inga rolle om fisken vert teken i land som heil fisk eller om den er bløgga, sløyd eller behandla på annan måte.
Ein annan fordel med å rapportere fisk i mengd er at data om mengd fisk per aldersgruppe vert brukt i modellar for å estimere størrelsen på ulike fiskebestandar. Informasjon om mengd fisk, samanhalde med utvalsundersøkingar der det vert samla inn lengde- og aldersdata, kan derfor brukast i bestandsvurderingar.
I kommersielle fiskeri vert fangstane rapporterte i vekt (av heil fisk), men desse dataa vert rekna om til mengd fisk fordelt på ulike alders-/lengdegrupper når dei vert brukte i bestandsvurderingar.
Kvifor skal det rapporterast om fisk som vert sett ut att?
Det er grunn til å tru at mengda fisk som vert fanga i turistfisket, men som ikkje vert teke med til land kan vere betydeleg. Dette gjeld fleire av artene som er omfatta av rapporteringspliktene, som kveite, torsk og sei. Slik informasjon kan vere viktig å ha tilgang til for å vurdere utviklinga i dei ulike bestandane.
For eksempel har det betyding om endringar over tid i mengd fisk som vert teke til land fell saman med ein auke eller reduksjon i mengd fisk som vert sett ut igjen.
Forskrifter
Forskrift om rapportering av fangster fra turistfiskevirksomheter (lovdata.no)
Forskrift om turistfiskevirksomheter (lovdata.no)
Les meir om minstemål i Forskrift om gjennomføring av fiske, fangst og høsting av viltlevende marine ressurser (høstingsforskriften) (lovdata.no)
Forskrift om fangst av kongekrabbe utenfor kvoteregulert område (lovdata.no)