Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler på fiskeridir.no for å forstå hvordan besøkende bruker nettsiden, slik at vi kan forbedre tjenestene våre. Du kan hele tiden endre samtykket ditt her.

Fangst av kongekrabbe for turistfiskebedrifter

Turistfiskebedrifter kan søkje om adgang til å fangste kongekrabbe i kvoteregulert område. 

Informasjon om kongekrabbefiske i 2024: Den totale avsetning (10 tonn) kongekrabbe til turistfiske blei i si heilheit tildelt under første søknadsrunde for sesongen 2024. Dette skuldast ein nedgang i den totale kvoten, samt ein auke i gjennomsnittsberekninga (frå 2 kg til 2,5 kg) av krabben. Den totale nedgangen i kvoten målt i antal krabbar blei for sesongen 2024 på 38,5%.

Formål og vilkår

Retningslinjer for turistfiske etter kongekrabbe

Det er to tildelingsrundar for bedrifter som ynskjer å fangste kongekrabbe i turistfiskekvota. Påmeldingsfristen for deltaking i turistfiske det kommande året er 8. desember. For at flest mulig skal få høve til å delta, har vi også ein tildelingsrunde i juni kvart år. Påmelding for andre tildelingsrunde skjer mellom 15. mai og 31. mai.  

For å søkje må turistfiskebedrifta vere registrert i Brønnøysundregisteret, og bedrifta sitt formål må inkludere «turistfiske» eller liknande. Turistar kan ikkje på eigen hand drive fangst av kongekrabbe gjennom bedrifta sitt løyve.

Det er kun naudsynt å søkje ein gong per reguleringsår.

Andre relevante skjema 

Rapporter fangst av kongekrabbe

Aktivmelding for turistfiskebedrifter, som har fått innvilga adgang til å fangste kongekrabbe i kvoteregulert område

Meld om påslått/avslått AIS i kongekrabbefiske