Du er her:

Korleis måler vi masker i garn?

Oppdatert: 07.07.2017

Det er vanskeleg å vite korleis ein skal måle maskene i garn. Her forklarar vi ulike måtar å måle masker på.

Stolpelengde

maskestorrelse-stolpelengde.jpg

Stolpelengda er avstanden mellom to knutar (målt frå midt på knutane) når tråden er strekt mellom desse knutane.

Maskeopning/maskevidde

Omgrepet «maskevidde» vert brukt i samband med påbod om nedsenking av garn i sjøen, som er fastsett ut frå omsynet til laks og aure (anadrome artar), men som også regulerar fiske etter marine artar. Laks og aure vert forvalta Klima- og miljødepartementet. Det er dei som har fastsett påbodet om nedsenking og som brukar omgrepet «maskevidde».

Maskevidde tilsvarar éi stolpelengde. Maskevidda er altså halvparten av maskestørrelsen.

Maskestørrelse/maskelengde

Omgrepet «maskestørrelse» vert brukt i reglar som regulerar fiske med garn i sjøen. Eit eksempel er regelen om at botnsette garn, som vert brukte sør for 62°N, må ha ein minste maskestørrelse på 126 mm. Fiske i sjøen vert forvalta av Nærings- og fiskeridepartementet (altså med unntak av anadrome artar som vert forvalta av miljømyndigheitene) og i dette regelverket vert omgrepet «maskestørrelse» brukt.

Maskestørrelsen er det same som stolpelengda x 2, og stolpelengda er altså avstanden mellom to knutar.

Maskestørrelsen vert fastsett som eit gjennomsnitt av lengda på 10 masker. 

Omfar

Tidlegere blei størrelsen på garnmasker oppgitt i omfar, og blant fiskarar er dette omgrepet framleis i bruk. Talet på omfar beskriv kor mange masker (stolpar) som får plass på ein alen. Ein alen = 627,5 mm. I eit 10-omfars garn vil maskestørrelsen derfor vere 627,5/10 x 2 = 126 mm (avrunda).