Påmelding til ungdomsfiskeordninga

Målet med ungdomsfiskeordninga er å gi unge ein inngang til fiskaryrket.

Registrering 2024

Registrering for ungdomsfiskeordninga opnar i månadsskiftet april-mai kvart år. Påmelding til ungdomsfiske i 2024.

Kven skal bruke skjemaet?

Ungdom mellom 12 og 25 år, som fyller 12 år seinast det aktuelle året, og som ikkje har fylt 25 år 30. april 2024.

Kongekrabbe

Dersom ungdomen ønskjer å drive fangst av kongekrabbe innanfor ungdomsfiskeordninga, må det også bli sendt inn inn eige påmeldingsskjema for kongekrabbe.

Påmelding må skje seinast 1. juni.

Leppefisk

Dersom ein skal fiske leppefisk, må kopi av leveringsavtale med godkjent kjøpar vere lagt ved når ein registrerer seg hos Fiskeridirektoratet.

Ta vare på kvitteringa

Hugs å ta vare på kvitteringa på at du har sendt inn skjemaet. Kvitteringa må være tilgjengeleg og kunne visast fram ved kontroll.

Registrering hos salgslag

Når registreringa hos Fiskeridirektoratet er gjort, må ungdomsfiskaren kontakte sitt salslag. Laget treng informasjonen for å betale ut pengar for fangst og for å gi tilgang til signeringsappen CatchSign.

Jobber du i fiskerinæringen?

Vi vil gjerne intervjue deg om hvilke utfordringer fiskerinæringen står overfor når det gjelder å følge regelverket i praksis.  

Les mer og meld deg til intervju