Personvernerklæring

Fiskeridirektoratet beskyttar og respekterer ditt personvern. Vi behandlar personopplysingar i samsvar med den til ei kvar tid gjeldande personvernlovgjevinga. Denne personvernerklæringa beskriv korleis Fiskeridirektoratet samlar inn og brukar personopplysingar, og kva vi gjer for å beskytte dine personopplysingar. Personvernerklæringa vert oppdatert fortløpande.

Fiskeridirektoratet er behandlingsansvarleg for vår behandling av personopplysingar. Fiskeridirektøren har det formelle og overordna ansvaret. Fiskeridirektoratet har oppnemnt eit personvernombod som kan kontaktast på e-post  .

Personvern på vår nettside

Webanalyse og informasjonskapslar

For å forbetre nettsidene våre, samlar vi inn informasjon om bruksmønsteret til besøkande. Vi brukar Google Analytics til å analysere bruken av nettsida. I samband med det vert det samla inn IP-adresser, informasjon om bruksmønster, type nettlesar, operativsystem og breibandsleverandør. Alle innsamla data vert anonymiserte, og kan derfor ikkje sporast tilbake til enkeltbrukarar. Bruksmønsteropplysingar vert brukte i aggregert form til analyseformål for å forbetre nettsidene.

Fiskeridirektoratet brukar også informasjonskapslar (cookies) på nettsida. Dette er små tekstfiler som vert plasserte på din datamaskin når du lastar ned ei nettside, og som gjer at nettsida kan hugse handlingane eller preferansane dine over tid. Til dette brukar vi Google Analytics. Du kan velje ikkje å akseptere informasjonskapslar (cookies) ved å endre innstillingane i din nettleser. Besøk Nettvett.no for meir informasjon om korleis du administrerer informasjonskapslar.

Behandlingsgrunnlaget er i begge tilfelle GDPR artikkel 6 nr. 1 f), som tillet oss å behandle opplysingar som er nødvendige for å ivareta ei rettmessig interesse som veg tyngre enn omsynet til den enkeltes personvern. Den rettmessige interessa er å forbetre tenestene våre.

Nyheitsbrev og abonnement på tenester frå Fiskeridirektoratet

På fiskeridir.no kan du registrere deg med enten mobilnummer eller e-post og få våre nyheitsbrev, eller varsel om nye fiskerimeldingar, j-meldingar, akvakulturforskrifter og kart. Fiskeridirektoratet brukar eksterne leverandørar til å drifte desse tenestene. Det er inngått databehandlaravtalar med tenestetilbydarane. MailMojo er databehandlar for nyheitsbrevet, mens Systor Vest AS er databehandlar for sms-varslinga.

Behandlingsgrunnlaget vårt er ditt samtykke, og du kan når som helst trekke dette tilbake.

Opplysingar samla inn som del av vår forvaltingsverksemd

Tildeling av rettar, kontroll og tilsyn og innrapportering

Når Fiskeridirektoratet tek i mot søknader om tildeling av rettigheiter, oppdatert informasjon knytt til tildelte rettigheiter eller klager på avslåtte søknader om rettigheiter, behandlar vi opplysingar for å kunne oppfylle våre lovpålagte plikter. Dette inkluderer blant anna kontaktinformasjon og annan informasjon som er nødvendig for å kunne behandle saka.

Fiskeridirektoratet behandlar også personopplysingar i forbindelse med vår kontroll- og tilsynsverksemd. Dette inkluderer blant anna opplysingar om kontaktperson i verksemda, opplysingar om andre tilsette og annan informasjon som er nødvendig for å kunne behandle saka.

På same måte som Fiskeridirektoratet er pålagt å behandle personopplysingar, er også enkelte eksterne aktørar pålagt dette, til dømes i samband med rapportering til Fiskeridirektoratet. Delar av det som blir rapportert, slik som landings- og sluttsetlar, inneheld personopplysingar. Fiskeridirektoratet behandlar opplysingane for å kunne gjennomføre våre lovpålagte oppgåver.

Behandlingsgrunnlaget er i alle dei ovannemnde tilfelle personvernforordninga, artikkel 6 nr. 1 e), som tillet oss å behandle opplysingar som er nødvendige for utøving av offentleg myndigheit. Dersom informasjonen vi mottar inneheld særlige kategoriar av personopplysingar, er behandlingsgrunnlaget vårt personvernforordninga, artikkel 9 nr. 2 g). Opplysingane vil, dersom dei er journalpliktige, oppbevarast i tråd med reglane i arkivlovgjevinga.

Tipse Fiskeridirektoratet

Fiskeridirektoratet har ein database over mottekne tips. Formålet med databasen er å ha ein systematisk oversikt over førespurnader, og for å kunne planlegge kontrollar. Databasen inneheld informasjon om tipsar og kva saka gjeld. Behandlingsgrunnlaget er, i likheit med mange av dei andre delane av vår forvalting, personvernforordninga, art. 6 nr. 1 e), som tillet oss å behandle opplysingar som er nødvendige for utøvinga av offentleg myndigheit.

Opplysingar som vert samla inn når du kontaktar oss

Når du ringer oss, vil ditt telefonnummer bli lagra saman med opplysingar om når du ringte og kor lenge samtalen varte. Denne loggen er nødvendig for administrasjon og drift av systemet, og vert brukt som grunnlag for statistikk på aggregert nivå.

Behandlingsgrunnlaget for dette er personvernforordninga, artikkel 6 nr. 1 f), som tillet oss å behandle opplysingar som er nødvendige for å vareta ei rettmessig interesse som veg tyngre enn omsynet til den enkeltes personvern. Den rettmessige interessa er å administrere og drifte telefonisystemet.

Dersom ein telefonsamtale er knytt til ei enkeltsak, eller tema for samtalen og art tilseier det, vil det kunne bli skrive eit notat som vert journalført etter samtalen. Tilsvarande vil førespurnader via e-post, til dømes til      eller    , bli journalført i den utstrekning det føreligg plikt til det.

Behandlingsgrunnlaget for dette er personvernforordninga, artikkel 6 nr. 1 e), som tillet oss å behandle opplysingar som er nødvendige for utøving av offentleg myndigheit. Dersom din førespurnad inneheld særlege kategoriar av personopplysingar, er behandlingsgrunnlaget vårt personvernforordninga, artikkel 9 nr. 2 g).

Kven deler vi opplysingar med?

Fiskeridirektoratet deler opplysingar med andre kontrolletatar, fiskermyndigheiter, salslag og Sjøfartsdirektoratet. I tillegg er vi omfatta av reglane i offentleglova, noko som inneber at vi har plikt til å gje innsyn i opplysingar eller registre der det er framsett eit krav om innsyn og opplysingane ikkje samtidig er omfatta av lovbestemt teieplikt.

Fiskeridirektoratet har gjort enkelte av våre registre søkbare via nettsida vår (fiskeridir.no). Her kan ein blant anna finne informasjon om tildelte løyve.

Rettane dine 

Du har til ei kvar tid rett til innsyn i dei opplysingane som er lagra om deg. I tilfelle du oppdagar at opplysingar vi har lagra om deg ikkje er korrekte, har du rett til å krevje at opplysingane vert korrigerte eller sletta.

I tillegg til ovannemnde rettigheiter, har du også, der behandlingsgrunnlaget er basert på ditt samtykke, rett til å trekkje tilbake samtykket, rett til å bli gløymt (sletta) samt rett til å overføre data til ein annan tenesteleverandør. For å ivareta de andre rettigheitene dine, kan du sende ein e-post til   .

Du har også rett til å klage på korleis Fiskeridirektoratet behandlar opplysingane dine til Datatilsynet:   eller telefon: 22 39 69 00.

Kontakt oss

Dersom du har spørsmål knytt til vår behandling av personopplysingar, eller ønskjer å gjere bruk av rettigheitene dine, kan du når som helst kontakte oss ved å sende ein e-post til   .

Oppdatert: 09.07.2018