Fluktopning i teiner og ruser

Fluktopning i teiner og ruser skal vere minst 12 mm x 70 mm. 

Antall fluktopningar og plassering av opninga

Kontroll av leppefiskteiner © Fiskeridirektoratet

I teiner skal det vere minst tre fluktopningar i det innerste kammeret (fangstkammer) og minst to fluktopningar i kvar av dei øvrige kammera. I ruser skal det vere minst tre fluktopningar i det innerste kammeret og minst tofluktopningar i det nest innerste kammeret.

Fluktopningane skal vere plassert på ein slik måte at leppefisk lett kan ta seg ut av reiskapen. Fluktopninga skal ha ei fast ramme og kan vere plassert i rekkje eller enkeltvis.

Fiskeridirektoratet understrekar at fiskarane må vere nøye med at fluktåpningen er i samsvar med kravet. Det er fiskaren som i siste ledd har ansvaret for at fluktopninga er korrekt.

Inngangssperre

For å hindre uønska bifangst av spesielt hummar og torsk, i tillegg til å hindre at oter prøver å ta seg inn i teiner og ruser og deretter druknar, er det påbod om inngangssperre. Inngangssperre (kryss) er ikkje påkrevd dersom inngangen (kalven) er mindre enn at ein sylinder med diameter 70 mm kan trekkast gjennom inngangen.

Det har gjennom forsøk vist seg at enkle kryss i inngangen til teinene eller rusene i stor grad hindrar uønska bifangst. Skulle det likevel skje at ein oter blir fanga i reiskapen skal ein melde frå til Fiskeridirektoratet på e-post.

Oppdatert: 02.07.2018