Beslag av ulovlege teiner

Begge Fiskeridirektoratets båtar, «Rind» og «Eir», er no i Sør-Noreg og driv kontroll og observasjon av ulike fiskeri- og oppdrettsaktivitetar. Mellom anna vart det beslaglagt 99 umerka krepseteiner i Hjeltefjorden utanfor Bergen.

I løpet av vel tre veker frå slutten av mai til midten av juni har mannskapet på «Rind» på kyststrekninga frå Rørvik i Trøndelag til Søgne i Agder utført 129 reiskapskontrollar, tre fangstkontrollar og kontrollert 11 blåskjelanlegg. I alt er 23 ulike forhold anmeldt i løpet av toktet.

Anmeldt

– Vi fann mellom anna 99 umerka krepseteiner i eí lenke som sto i Hjeltefjorden utanfor Bergen. Teinene er overlatt til politiet og saka er anmeldt. Dette viser at det dessverre foregår ein del ulovleg fiske, men vi vil vere til stades med begge båtane i Sør-Norge ut over sommaren og vil utføre fleire liknande aksjonar som den vi nettopp har gjennomført, seier seksjonssjef for Sjøtjenesten i Fiskeridirektoratet, Rolf-Harald Jensen.

Beslag av 99 umerka krepseteiner i Hjeltefjorden utanfor Bergen. Foto: © Fiskeridirektoratet.

«Rind» har i perioden også  utført kontroll på 11 blåskjelanlegg langs kysten på oppdrag frå Fiskeridirektoratet region midt, vest og sør. Ikkje alle anlegga er i drift og nokon bar preg av mangelfullt ettersyn.

Viktig å vere til stades

I sommar vil Fiskeridirektoratet følge opp både yrkes- og fritidsfisket med ulike kontrollar. I tillegg vil også Kystvakten, Statens Naturoppsyn og politiet vere på sjøen og gjennomføre kontrollar med sine fartøy og mannskap.

– Antal beslag og anmeldeldar tilseier at det er viktig at vi er til stades på kysten og kan drive kontroll og overvaking av fiske og oppdrett. Mellom anna vil no følgje opp innskejrpinga av røktingsplikta og kjem framover til å merke reiskap med eigne lappar der vi ber fiskaren gi oss beskjed om når reiskapen er røkta. På den måten kan vi følge opp kravet om at all reiskap som det ikkje er spesifikke røktingskrav til skal røktast minimum ein gong per veke, seier Jensen.

Oppdatert: 22.06.2020