Utvida røktingsplikt

Frå 1. juni er det krav om utvida røkting av fiskereiskap som står i sjøen. Garn, liner og teiner skal røktast minimum ei gong per veke dersom ikkje anna er bestemt.

Fram til no har det vore krav om at garn, ruser og teiner for enkelte artar skal røktast med bestemte mellomrom. No vert reglane utvida til å omfatte alle typar garn, liner og teiner langs heile kysten. Det vil ikkje medføre endringar for reiskapstypar eller fiske og fangst etter arter som alt er pålagt ei røktingsplikt.

- Vi har grunn til å tru at det står reiskap i sjøen som ikkje blir røkta og som er etterlatt av eigar. Fiskeridirektoratet har fått tips og meldingar om mange bruk som står i sjøen og noko av dette er tatt opp av oss, Kystvakten eller eigar, men mykje står truleg igjen. Dette viser at det er behov for ei innskjerping av røktingsplikta og det har vi no fått til, seier seksjonssjef Trond Ottemo i reguleringsseksjonen i Fiskeridirektoratet.

Endringane vil gå fram av paragraf 28 «Utøvelsesforskriften», som mellom anna regulerer reiskapsbruk i alt fiske.

Når reiskap, av ulike grunnar, blir ståande att i sjøen og fiske oppstår såkalt spøkelsesfiske, som medfører dårleg dyrevelferd og ei ukjent beskatning av ressursar. Alle som fiskar har ei plikt til å drive fiske på ein slik måte at tap av reiskap kan unngåast. Mister ein likevel reiskap skal eigaren prøve å sokne etter den og melde tap om reiskapen ikkje kan bergast. Fritidsfiskarar kan melde tapt eller mista reiskap inn på Fiskeridirektoratets app «Fritidsfiske».

- Med utvida røktingsplikt håpar vi å redusere at reiskap blir ståande igjen i sjøen og dermed også redusere spøkelsesfiske og marin forsøpling, seier Ottemo.

Røkting av reiskapen inneber at ein trekkjer reiskapen, tar hand om fangsten og sjekkar at alt er i orden, før ein eventuelt set reiskapen ut igjen.

Oppdatert: 29.05.2020