Oppstart for evaluering av føringspoolen

Fiskeridirektøren har bestemt at føringspoolen, ordninga for føring av låssette fangstar i pelagisk fiske, ikkje skal vidareførast i si noverande form. Næringa vil bli invitert til møte medio mars.

Salslaga og Fiskeridirektoratet sine regionar og Sjøtenesta er bedne om å kome med skriftlege innspel til risikoar som ligg i dagens ordning, og forslag til betringar. På bakgrunn av tilbakemeldingane vil Fiskeridirektoratet utarbeide eit forslag til revidert dispensasjonsordning.

Næringa vil bli invitert til møte medio mars, der ein gjennomgår røynslene med dagens ordning og diskuterer Fiskeridirektoratet sine forslag til reviderte vilkår.

Medio april vil ferdig rapport med revidert poolordning leggast fram.

Oppdatert: 27.12.2019