Mellomlagring av leppefisk skal rapporterast til Kystvakten

For leppefisksesongen 2019 er det kome nytt krav om at posisjonen til mellomlagringsmerdar og andre innretningar for å lagre leppefisk i sjø må innrapporterast til Kystvakta sin bruksvaktsentral på telefon 07611.

Den som fiskar etter leppefisk og mellomlagrar fisken i sjøen før levering til kjøpar skal rapportere talet på merdar og posisjonen til desse til Kystvakta når merdane blit tatt i bruk, når dei eventuelt blir flytta og når dei blir tatt opp eller ikkje lenger nyttast til mellomlagring av leppefisk.

Regelendringa finn du i Forskrift om regulering av fisket etter leppefisk i 2019 (J-113-2019: §9)

Oppdatert: 04.07.2019