Du er her:

Nøgd med vedtak om raudåte

Oppdatert: 13.03.2019

–  Eg er nøgd med at Nærings- og fiskeridepartementet i dag har vedteke forskrifter som opnar opp for kommersiell hausting av raudåte. Dei nye forskriftene er i all hovudsak i tråd med det som vart foreslått i Fiskeridirektoratet sitt forslag til forvaltingsplan for raudåte.

Det seier fiskeridirektør Liv Holmefjord. 

Forvaltingsplanen vart ferdigstilt i mai 2016 og deretter sendt til NFD. Planen var på offentleg høyring i 2017.

Fiskeridirektør Liv Holmefjord. Foto: © Anette Aase / Fiskeridirektoratet

Eit innspel i høyringsprosessen som vart teke til følgje i Fiskeridirektoratet si vidare handsaming av høyringssvara, var å utvide det geografiske virkeområdet for hausting av raudåte til også å omfatte internasjonal sone i Norskehavet.

I samsvar med kvotemodellen i forvaltingsplanen, inspirert av kvotemodellen for hausting av krill i Antarktis, medførte dette at totalkvoten auka frå opphavleg forslag på 165 000 tonn til 254 000 tonn, som er den totalkvoten NFD no har fastsett.

– Eg er nøgd med at det no vert lagt til rette for kommersiell hausting av raudåte, og dermed potensielt monaleg større utnytting av denne store marine ressursen. Til no har raudåte vorte hausta i avgrensa omfang i medhald av eitt forsøksløyve, seier Homefjord.

Fiskeridirektoratet kjem tilbake med meir informasjon om søknadsprosessen og vilkåra for deltaking.