Du er her:

Forslag til reguleringar for 2019

Oppdatert: 30.11.2018

Fiskeridirektoratet oversender no forslag til reguleringar av fiske for 2019 til Nærings- og fiskeridepartementet.

Forslaga til reguleringar for 2019 er basert på Fiskeridirektørens forslag, innspel frå høyringsinstansar og diskusjonar på Reguleringsmøtet 7. og 8. november. Forslaga til reguleringar vil bli fastsatt av Nærings og fiskeridepartementet bortsett frå saker som er delegert til Fiskeridirektoratet og vil bli fastsatt der.

Alle forslag vil fortløpande bli lagt ut som referat på nettsidene om Reguleringsmøtet i november 2018.

Overfiske i ope gruppe

Overfisket i ope gruppe og korleis dette overfisket skal ajourførast har vore gjenstand for mykje diskusjon både i forkant og etterkant av Reguleringsmøtet.

- Vi vil, med nokre mindre justeringar, oppretthalde vårt opprinnelege forslag og går for ei saldering av overfisket i ope gruppe der halvparten, eller 5 500 tonn av overfisket, må takast innad i gruppa, mens den andre halvparten må taskast frå «toppen». Vidare foreslår vi ei forskuttering på 10 % av 2020-kvoten (1763 tonn), kvotebytte frå 3000 tonn hyse til same mengde torsk med havfiskeflåten, og 1000 tonn sei i bytte med 1000 tonn torsk, også frå havfiskeflåten, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Det betyr at ope gruppe vil ha ei reell kvote på 17806 tonn i 2019, sett bortifrå ferskfiskordninga som i 2019 vil vere 1840 tonn for denne gruppa. På fartøynivå ser forslaget slik ut:

Kvoter fordelt på fartøystørrelse

Fartøylengde

Maksimalkvoter

Garanterte kvoter

Under 8 meter

7,3

5,3

8 - 9,99 meter

10,2

7,4

Over 10 meter

11,7

8,5