Du er her:

Stopp i fisket etter leppefisk i opa gruppe på Sørlandet

Oppdatert: 07.08.2018

Fiskeridirektoratet stoppar no fisket etter leppefisk i opa gruppe på Sørlandet (Svenskegrensa – Agder) då kvoten på 400.000 fiske er tatt. Stoppen gjeld også fritidsfiske.

Fisket etter leppefisk på Sørlandet blir stoppa frå og med klokka 20.00 tysdag 7. august, og innan 10. august skal alle innretningar for mellomlagring av leppefisk vere tømt og fisken skal vere levert til kjøpar.

Fisket etter leppefisk er regulert i områder og i ulike grupper og kvote pr fartøy. Kvoten for ope gruppe på Sørlandet er på 400.000 fisk. Kvoten skal også dekke fisket i ungdomsfiskeordninga og fritidsfiske.

Per 6. august var det registrert i overkant av 300.000 fisk landa på Sørlandet.

Med bakgrunn i kunnskap om en del etterslep i leveringstala gjer at Fiskeridirektoratet no stoppar fisket i dette området, men ungdomsfiskeordninga vil halde fram til og med 10. august.

Fisket i ope gruppe på Vestlandet nærmer seg også kvotetaket og vil bli stoppa i nær framtid.