Du er her:

Transitt av fisk fr¨å EU-fartøy

Oppdatert: 12.05.2017

EU-fartøy kan velgje å lande fangst i Norge utan å måtte førstehandsomsette fangsten gjennom eller med godkjenning av eit fiskesalslag.

EU-fartøya må følgje dei prosedyrane forskrift om transitt av fisk frå EU-fartøy set opp for dette. Mellom anna kan fangsten kun landast hos mottak som er godkjende for transitt av Fiskeridirektoratet.

Søke om å vere transittmottak 

Virksomheiter som etter matlova er godkjende for tilvirking av fisk kan søkje Fiskeridirektoratet om å få vere transittmottak.

Vilkåret for å vere transittmottak er at virksomheita ligg innanfor ei avstand på ca. ein times reise frå sentrum av følgjande stader:

Egersund, Haugesund, Bergen, Florø, Måløy, Fosnavåg, Ålesund, Kristiansund, Trondheim, Sandnessjøen, Bodø, Leknes, Sortland, Harstad, Finnsnes, Tromsø, Skjervøy, Hammerfest, Honningsvåg, Mehamn, Båtsfjord, Vardø og Kirkenes.

Virksomheita må også dokumentere at den har godkjenning som tollager.

Søknad om godkjenning av mottak for transitt sendast til postmottak@fiskeridir.no.

Journalkrav

Fiskeridirektoratet kan stille krav om korleis journal skal førast, og om adskilling, merking og lagring av fisk, (jf. landingsforskriften §§ 16 og 17). EU-fangsten er underlagt Mattilsynets og Fiskeridirektoratets alminnelege kontroll, og det skal førast landingssetlar for fangsten, (jf. landingsforskriften § 8).

Forskrift om transitt av fisk fra EU-fartøy

Nærings- og fiskeridepartementet fastsatte 29. juni 2016 ei ikrafttredelsesforskrift og ei endringsforskrift som satte forskrift 21. april 2006 nr. 433 om transitt av fisk fanget av og brakt i land fra EU-fartøy i kraft med virkning frå 1. september 2016. Forrige virkeperiode utløp 31. april 2014. Den nye virkeperioden for forskriften blir frå 1. september 2016 til 31. august 2023.