Du er her:

Landing og mottak

Oppdatert: 16.03.2017

Landing og mottak av fisk utløyser krav og plikter.

Opplysningar om fangsten skal registrerast på ein landings- eller sluttsetel. For å sikre at opplysningane på setlane er korrekte set landingsforskrifta krav til vekt og veging, journalføring og skilje mellom fangster, merking og lagring.

Med landing meiner ein alle tilfelle der fisk vert lossa frå fiskefartøy, herunder omlasting og lossing av fisk frå fartøy som transporterer omlasta fisk, samt opptak av fisk frå lås/merd/pose. Umiddelbar sløying av botnfisk inngår som ein del av landinga.

Mottakar er einkvar som tek imot fisk som vert landa. Med mottakar meiner ein også den som mottar allereie landa fisk for produksjon, oppbevaring, lagring og/eller omsetjing.