Fiskeridirektoratet på Aqua Nor 2019

Som vanleg deltar Fiskeridirektoratet på havbruksmessa Aqua Nor i Trondheim 20.-23. august. Du finn oss på stand A-124 i den nye hallen.

Miljøprisen

For 13. gong deler vi ut Fiskeridirektoratets Miljøpris og det skjer på standen vår tysdag 20. august klokka 15:30 (merk tida). På standen vil du møte kunnskapsrike og hyggelege medarbeidarar frå Fiskeridirektoratet som du kan snakke om det meste med innan oppdrett på sjø og land.

Fiskesuppe og konkurranse

Vi serverer vår berømte fiskesuppe kvar dag: klokka 12 på tysdag, klokka 12 og 15 på onsdag og torsdag og kl 12 på fredag.

I tillegg kan du delta i vår uhøgtidelege og nokså enkle konkurranse og vere med i trekninga av tre gavekort pålydande 1000 kroner kvar.

Vel møtt på stand A-124 på Aqua Nor 2019.

Oppdatert: 18.08.2019