Du er her:

Fiskeridirektoratet på Nor Fishing

Oppdatert: 16.08.2018

Fiskeridirektøren inviterer media og andre interesserte til utdeling av Fiskeridirektoratets Miljøpris 2018. Prisen blir delt ut av fiskeriminister Harald Tom Nesvik og fiskeridirektør Liv Holmefjord på Fiskeridirektoratets stand T-162 b (plasthallen) onsdag 22. august kl. 12:00.

Nedanfor finn du ein oversikt over kven du møter på standen og kva som skjer i løpet av messa.

Er det noko du vil snakke med oss om eller spørje om, er det berre å møte opp på stand T-162b. Er det ein spesiell person hos oss du vil snakke med kan du kikke på vaktlista for å sjå om og når du kan treffe vedkomande.

Vi skal ikkje ha dei velkjende miniseminara våre i år – og grunnen er ombygginga av Trondheim spektrum. Standen vi har fått i år egnar seg ikkje til den type formidling og vi har derfor valt å utsette den delen av vårt «faste» program til neste år når ny hall står ferdig.

Miljøpris onsdag

Fiskeridirektoratets Miljøpris blir delt ut onsdag 22. august kl. 12:00 av fiskeriminister Harald Tom Nesvik og fiskeridirektør Liv Holmefjord. Alle som ynskjer å få det med seg er velkomne til stand T-162b (i plasthallen).

I år har vi fått to nye båtar til Fiskeridirektoratets Sjøtjeneste, og både «Rind» og «Eir» vil vere opne for publikum alle dagar under messa. Båtane vil ligge på Skansen, ca. fem minuttars gange frå Trondheim Spektrum.

Konkurranse blir det også og du kan vinne eit gavekort på 2500 kroner ved å svare på eit enkelt spørsmål og levere svaret på ein av båtane. Vi trekkjer ein vinnar kvar dag utanom fredag.

Vi ser fram til å møte deg på stand T-162!