Vern av kysttorsk i sør

Det er forbode å fiske torsk heile året i Oslofjorden. Det er også forbode å fiske med botnsette garn innanfor grunnlinja frå og med Telemark til grensa mot Sverige. I tillegg er det i 14 definerte område på Skagerrakkysten forbod mot alt fiske i gyteperioden frå 1. januar til 30. april. 

Reguleringane gjeld alle, både yrkesfiskarar og fritidsfiskarar.

Vernetiltaka er delt i tre hovuddeler:

  1. Det er forbode å fiske torsk i Oslofjorden innafor grunnlinja frå og med Telemark og til grensa mot Sverige. Forbodet gjeld heile året. Fiskar du i dette området og får ein torsk skal du løyse den forsiktig frå reiskapen og sette den forsiktig ut i sjøen igjen.
  2. Det er forbod mot alt fiske i gyteperioden for torsk innafor 14 definerte gyteområder frå Lindesnes langs Skagerrakkysten, i Oslofjorden og til grensa mot Sverige. Forbodet gjeld frå og med 1. januar til og med 30. april. Undervassjakt i gytefelta vil vere tillate sidan dette er heilt selektivt.
  3. Det er også forbode å fiske med botnsette garn heile året innanfor grunnlinja frå og med Telemark til grensa mot Sverige. Denne regelen kjem i tillegg til det eksisterande forbodet mot fritidsfiske med garn på grunnare vatn enn 25 meter, som gjeld i heile Skagerrak i perioden frå og med 1. juni til og med 15. august.

Avgrensa dispensasjonstilgang for yrkesfiskarar

Av omsyn til blant anna yrkesfiskarane sitt driftsgrunnlag, fiske etter andre artar og mottaksstrukturen, er det opna for ein avgrensa dispensasjonstilgang for yrkesfiskarar. Fiskeridirektoratet kan stille vilkår om prøvetaking, sporing og fangstrapportering for forskingsformål.

Det vert innført blant anna ein avgrensa dispensasjonstilgang for påbodet om å bruke sorteringsrist i rekefiske i heile Skagerrak.

Oppsamlingspose

Oppsamlingspose med ei minste maskevidde på 160 mm vert tillate innanfor grunnlinja langs strekninga frå Telemark til grensa til Sverige.

Kart over områda

Kartet viser kva område som er stengde for torskefiske heile året (lilla), og kva område som er stengde for alt fiske frå januar til april (rosa).

For å gjenoppbygge bestandane

Forsking gjennom lang tid har vist ei urovekkande utvikling ved at torsken forsvinn frå kyst- og fjordområda lengst sør og aust i landet. Det er spesielt ille i Oslofjorden og på Skagerrakkysten. Fisk er ein fornybar ressurs, men må forvaltast og utnyttast på ein slik måte at også framtidige generasjonar kan hauste av dei levande ressursane i havet. Derfor er det viktig at det vert innført eit strengt vern for å bygge bestandane opp igjen.

Fiskerimyndigheitene reknar med at fritidsfiske er ei årsak til nedgangen i bestandane av kysttorsk i verneområdet, men også endringar i klima og miljøpåverknad frå land kan ha ein effekt. Eit tredje element er beiting på fisk frå kystsel i området. Derfor vert fellingskvoten for kystsel i dette området auka med 20 prosent.

Last ned plakat

Vi har ein plakat på norsk, engelsk, polsk og litauisk i A4 format som kan lastast ned og hengast opp på stader der fritidfsfiskarar er. Plakatane kan du laste ned her: 

Auka kystselkvote

For å få eit mest mulig heilheitleg vern av kysttorsk, er det bestemt at kvoten på kystsel skal aukast med 20 prosent for å redusere predatorpresset på kysttorsken.

Sidan kystsel og kysttorsk har mykje av det same beitegrunnlaget, vil eit auka uttak av kystsel kunne bidra til eit styrka livsgrunnlag for kysttorsken.

I praksis inneber dette at jaktkvotane på steinkobbe vert auka til 24 dyr i Østfold, 18 dyr i Vestfold og 12 dyr i Telemark.

Arbeid med å styrke kysttorskbestanden

Dei nye tiltaka kjem parallelt med prosjektet «Krafttak for torsken», som er eit samarbeid mellom ulike statlege og fylkeskommunale institusjonar i området. Både Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet deltar i prosjektet. Ny kunnskap frå prosjektet vil kunne bidra til reguleringsutviklinga av tiltaka som nå vert innførte.

Tiltaka oppsummerte:

  • Direktefiske etter torsk frå Telemark til grensa mot Sverige innanfor grunnlinja er forbode.
  • Totalt fiskeforbod i områda der torsken gyter, frå 1. januar – 30. april, i området frå Lindesnes til Sverige, med unntak av undervassjakt.
  • Forbod mot å fiske med botnsette garn innanfor grunnlinja frå og med Telemark til grensa mot Sverige
  • Fiskeridirektoratet kan gje ein begrensa dispensasjonsåtgang. Det kan setjast vilkår for å auke kunnskap.
  • Bestandsutviklinga og effektane av forvaltingstiltaka blir følgde opp i reguleringsmøte, og i tråd med ny kunnskap om fritidsfiske, gytefelt, bestandsutvikling og fangstpress.
  • Selkvoten i området vert auka med 20 prosent.
  • Departementet vurderer tiltaka etter 3 år.
  • Reguleringane trer i kraft 15. juni 2019.
Oppdatert: 24.09.2019