Oppbevaring av hummar i sjøen

Oppdatert: 01.11.2017

Frå og med 1. januar til 1. oktober klokka 08:00 er det forbode å oppbevare hummar i sjøen.

Det er lov å oppbevare hummar i sjøen i desember, og sjølvsagt i oktober og november, men dersom oppbevaringa i desember skjer frå og med Sogn og Fjordane til grensa mot Sverige skal det sendast melding til Fiskeridirektoratet fordi hummaren er freda i desember i dette området.

Registreringsskjema for oppbevaring av hummar i sjø vil vere klart innan sesongen tek til.

Det generelle forbodet mot å oppbevare hummar i sjøen frå 1. januar og ut september gjeld, men det er gjort unntak for hummar som skal omsetjast og som innan 1. januar er innmeldt og registrert av salslaget.

Etter at hummaren er omsett kan Fiskeridirektoratets regionar i det gjeldande området gje oppbevaringløyve til godkjent kjøpar.

Rettleiiing: Registreringsskjema for oppbevaring av hummar i sjø 

Du skal bruke ID-portalen til innlogging, anten ved å logge deg inn via Min ID, bank ID eller annan godkjent pålogging. Dersom du ikkje har slik ID, kan du få hjelp av eit familiemedlem eller liknande. Når ein loggar inn vert dataene for den som er innlogga henta automatisk, men dette kan ein sjølv overskrive, slik at ein kan sende skjemaet på vegner av andre. 

På første sida i skjemaet må du fylle ut personnummer, namn, postnummer, telefonnummer og kor mange hummar du skal lagre.

På side to skal du føre opp fylke og kommune, namn på næraste stad og kartkoordinatane der hummarane dine blir lagra. Her finns det ei lenke til ei ega forklaring på korleis du kan finne koordinatene som skal fyllast inn.

Når alt er riktig utfylt kontrollerer du skjemaet og sender det inn til Fiskeridirektoratet. 

Har du vanskar med å fylle ut skjemaet kan du ta kontakt med Fiskeridirektoratet på telefon 55 23 80 00 eller på e-post til: postmottak@fiskeridir.no