Du er her:

Registrering av turistfiskebedrift

Oppdatert: 14.06.2018

Alle turistfiskeverksemder som oppfyller bestemte kriterium må registrere seg i Fiskeridirektoratets register over slike verksemder. 

Nytt elektronisk skjema

Det elektroniske skjemaet for registrering av turistfiskebedrift er klart. Du kan logge deg inn på Min side, og registrere ny bedrift eller endre opplysningar hvis bedriften allereie er registrert.

Har du spørsmål, kan du kontakte oss på info@fiskeridir.no.

Registreringen gjelder for bedrifter:

  • som er registrerte i meirverdiavgiftsregisteret
  • har inntekt basert på turistfiske i sjø på minst 50 000 kroner per kalenderår (brutto) og
  • disponerer minst eitt fartøy for utleige til fisketuristar eller som tar turistar med på fiske.

Registreringa skjer ved at søknad med nødvendige opplysingar vert sendt til Fiskeridirektoratet. For å gjere søknadsprosessen så enkel som mogleg er det laga eit digitalt søknadsskjema. Når verksemda vert registrert får verksemda automatisk ei kvittering på at den er registrert.

Registreringspliktige verksemder skal:

  • rapportere gjestane sine fangstar til Fiskeridirektoratet minst ein gong per månad.
  • informere turistane om regelverket for sports- og rekreasjonsfiske, inkludert om omsettingsreglar og utførselskvotar.

Frivillig registrering

Bedrifter som leiger ut minst éin båt og som har omsetnad frå turistfiske, men som står utanfor meirverdiavgiftsregisteret, kan registrere seg frivillig. Du må vere registrert i Brønnøysundregistra og ha eit organisasjonsnummer.

Registrering av fangst

Alle registrerte turistfiskebedrifter skal rapportere fangst minst ein gong per månad.

Rapporteringen skal skje som talet på fisk.

Det er fem artar som skal registrerast; torsk, kveite, sei, steinbit og uer. 

Utførselskvote

Både bedrifter som registrerer seg frivillig og dei som er pålagde å registrere seg kan tilby sine gjester å ta med 20 kilo fisk eller fiskeprodukt over grensa innanfor ein periode på 7 dager. Den som tar med seg full kvote ved utreise frå Noreg, kan derfor ikkje ta med fisk ved ny utreise før det er gått minst 7 dagar.

Alle andre, som for eksempel utanlandske turistar som nyttar seg av uregistrerte bedrifter, kan kun ta med seg 10 kilo fisk eller fiskeprodukter når dei forlet landet.

Såkalla troféfisk blir frå 2018 rekna som ein del av kvoten.