Du er her:

Fangstrapportering for turistfiskebedrifter

Oppdatert: 19.07.2018

Fiskeridirektoratet kan ikkje ta imot fangstrapporter sendt med post, e-post eller telefaks. Fleire private aktørar tilbyr fangstregistreringssystem som legg til rette for rapportering etter det nye regelverket. Dette er elektroniske løysingar som kommuniserer med vår database, og sørger for at data vert sendt til Fiskeridirektoratet. Dei som ikkje nyttar slike ordningar må inntil vidare registrere fangstane gjennom Fiskeridirektoratet sitt digitale fangstrapporteringsskjema.

Registrerte turistfiskebedrifter skal rapportere fangt av desse fem artane: torsk, kveite, uer, steinbit og sei.

Rapporteringa skal skje minst ein gong per månad.

«Korleis skal du rapportere?» - instruksjonsfilm

Korleis skal du som driv registrert turistfiskebedrift rapportere fangst (YouTube)

Instruksjonvideo om fangstrapportering for turistfiskebedrifter. © Skjermdump: Fiskeridirektoratet.

Kviforfor skal fangstane rapporterast som mengd fisk og ikkje vekt?

Det er fleire fordelar med å rapportere mengd i staden for vekt: Det er enkelt å rapportere, det er ikkje behov for vekt, og metoden er derfor kostnadseffektiv og lett å gjennomføre. Det spelar inga rolle om fisken vert teken i land som heil fisk eller om den er bløgga, sløyd eller behandla på annan måte.

Ein annan fordel med å rapportere fisk i mengd er at data om mengd fisk per aldersgruppe vert brukt i modellar for å estimere størrelsen på ulike fiskebestandar. Informasjon om mengd fisk, samanhalde med utvalsundersøkingar der det det vert samla inn lengde- og aldersdata, kan derfor brukast i bestands­vurderingar. I kommersielle fiskeri vert fangstane rapporterte i vekt (av heil fisk), men desse dataa vert rekna om til mengd fisk fordelt på ulike alders-/lengdegrupper når dei vert brukte i bestandsvurderingar.

Kvifor skal det rapporterast om fisk som vert sett ut att?

Det er grunn til å tru at mengda fisk som vert fanga i turistfisket, men som ikkje vert teke med til land kan vere betydeleg. Dette gjeld fleire av artene som er omfatta av rapporteringspliktene, som kveite, torsk og sei. Slik informasjon kan vere viktig å ha tilgang til for å vurdere utviklinga i dei ulike bestandane. For eksempel har det betyding om endringar over tid i mengd fisk som vert teke til land fell saman med ein auke eller reduksjon i mengd fisk som vert sett ut igjen.