Bøter for fiskesmugling

Bøtene for fiskesmuglarar som tar med seg ulovleg fisk ut av Noreg er dobla til 8000 kroner og i tillegg 200 kroner per kilo fisk eller fiskevare.

Fiskesmugling er både miljø- og økonomisk kriminalitet. Det gjer det vanskeleg å ha god oversikt på ressursuttak frå havet. I tillegg øydelegg det for den seriøse delen av turistfiskenæringa.

I 2018 var det totalt 68 beslag av over 6,5 tonn fisk.

I første kvartal i år er det beslaglagt over 2,3 tonn. Beslaga er stort sett fiskefiletar, som betyr at store delar av fisken ligg igjen. Majoriteten av beslaga er torsk. 

Myndigheitene håpar at ei dobling av bøtesatsane vil bidra til å redusere fiskesmuglinga.

Frå 1. januar 2018 blei det innført nytt regelverk for turistfiskenæringa. Det blei blant anna innført ei registreringsordning og fangstrapporteringsordning for turistfiskeverksemder. Utførselskvoten blei endra frå 15 kg fisk og fiskevarer, til 20 kg for gjester ved registrerte turistfiskeverksemder, og 10 kg for alle andre.

Oppdatert: 13.05.2019