Over 34 000 registrerte hummarfiskarar

Talet registrerte hummarfiskarar no er det nest høgste sidan registreringsordninga vart påkravd.

– Dette syner at ordninga er godt etablert og at den verkar etter hensikta, seier seksjonssjef Trond Ottemo i Fiskeridirektoratet.

Så langt har meir enn 34 000 personar registrert seg for hummarsesongen 2020. Ordninga vart innført for å få betre oversikt over haustinga av hummar langs kysten vår.

– Ein annan effekt er at vi samtidig får synleggjort regelverk knytt til fiske av hummar. Det er framleis fritidsfiskarar der ute som treng påminning om mengd teiner, størrelse på fluktopningar og at det er innført krav til rotnetråd av bomull i teinene, seier Ottemo.

Fiskeridirektoratet har i samband med årets hummarsesong lansert ein plakat med dei ti viktigaste reglane ein må følgje når ein fiskar hummar.

– Det er kort og greitt at ein skal melde seg på fisket og fiske med maks 10 teiner. Teinene skal merkast med namn, adresse og registreringsnummer og det skal være minst to fluktopningar på minimum 60 millimeter i teinen. Det er også krav til at teinene skal røktast kvar veke, det er eit minstemål på 25 centimeter, ein skal ikkje ta opp rognhummar og ein skal ikkje fiske i fredingsområda, seier Ottemo.

– Tapte reiskapar kan meldast i den ny-lanserte Fritidsfiskeappen. Det skal vere rømmingshol med bomullstråd i teinene og ein skal bere omsetje hummar gjennom lovlege kanalar, ramsar Ottemo opp.

Les alle reglane for hummarfiske

Dei som fiskar på Skagerrakkysten må vite at det gjeld eit maksimalmål for hummar på 32 centimeter.

Oppbevaring i sjø

Hummarsesongen er ulik langs kysten. Frå svenskegrensa til og med Vestland fylke kan du fangste til og med 30. november. I resten av landet kan du fangste til og med 31. desember.

For dei som skal oppbevare hummar i sjøen i desember, er det rapporteringsplikt.

– Det er populært å ta vare på hummar fram til juletider, og det løyser vi med registreringsplikt av den oppbevarte fangsten. Dette gjer det mogleg å kontrollere at det ikkje blir fanga hummar i fredingstida, seier Ottemo.

Skjema for oppbevaring av hummar i sjøen

Frå og med 1. januar og til sesongen starter på ny 1. oktober, er det forbode å oppbevare hummar i sjøen.

Oppdatert: 14.10.2020