Hummaren har sommarferie

Fram til 1. oktober er hummaren freda, men hummar er ein ettertrakta delikatesse og det er mange som jaktar på den. Det har ført til at bestanden lenge har vore på eit kritisk lavt nivå.

– Frå Fiskeridirektoratet sitt kontor i Trondheim var inspektørar på sjøen denne veka og gjorde nokre kontrollar av reiskap. Det kan dessverre sjå ut som respekten for lover og reglar må vike plassen for ønsket om å ha ein hummar på grillen, fortel inspektør Jan Brødreskift.

Feil fluktopning og manglande merking

8–10 teiner hadde ikkje rett fluktopning, slik at hummaren kan kome ut. Nokre teiner mangla merking med namn og adresse. Desse vart beslaglagt under kontrollen.

Teine med 60 mm fluktåpning. (foto: © Fiskeridirektoratet)

Ulovleg teine med en fluktopning på 60 millimeter. (Foto: © Fiskeridirektoratet)

Beslaglagt reiskap blir overlate til politiet for vidare behandling.

Teiner som står i sjøen i fredingstida skal ha runde fluktopningar med 80 millimeter opning på kvar side av teina. I tillegg skal teina ha eit rømmingshol med nedbrytbar bomullstråd.

Registrer deg før du skal fiske hummar

Frå 1. oktober er det tillate å fiske hummar. Du må registrere deg på «Min side» på fiskeridir.no.

Merk redskapene med navn, adresse og hummerregistreringsnummer.

Du kan bruke teiner med fluktopning på 60 millimeter. Då kan den minste hummaren kome seg ut av teina.

Rognhummer (foto: © Fiskeridirektoratet)

I ei teine med 60 millimeter fluktopning fann vi i ein rognhummar. Den er freda heile året. (Foto: © Fiskeridirektoratet)

– Vi håpar at mange vi nytte muligheita til å kome seg på sjøen for å drive med fritidsfiske. Det er ein fantastisk fin hobby, som i tillegg kan gi gode matopplevingar. Men den som skal fiske pliktar å sette seg inn i regelverket, seier regiondirektør Ståle Hansen i region Midt.

Last ned ny app

For å beskytte hummar mot total utrydding er det innført fredingstid og nokre reiskapstekniske avgrensingar.

Reglene for fritidsfiske finner du i den nye fritidsfiskeappen, som du kan laste ned i App Store eller Google Play eller på våre nettsider: https://www.fiskeridir.no/Fritidsfiske.
Skitt fiske!

Oppdatert: 26.06.2020