Du er her:

Nesten ein tredel rapporterte ikkje fangst i fjor

Oppdatert: 12.02.2019

2018 var det første året eit nytt regelverk kravde rapportering av fangst i turistfiske. Likevel var det nesten ein tredel av dei registrerte turistfiskebedriftene som ikkje rapporterte fangst til Fiskeridirektoratet.

Mulige sanksjonar

– Det første året med nytt regelverk var eit innkøyringsår både for myndigheitene og for turistfiskebedriftene. Det var viktig å få ut informasjon om det nye regleverket og få gode rutinar på plass i turistfiskebedriftene. I år vil vi bruke meir ressursar på å kontrollere at turistfiskebedriftene føl dei nye reglane, fortel seniorrådgjevar Trond Ottemo ved reguleringsseksjonen.

Dersom bedriftene ikkje overheld pliktene i regelverket kan det, i medhald av havressurslova, bli brukt lovbrotsgebyr. Ved grove eller gjentekne brot på pliktene kan direktoratet slette bedrifta frå registeret.

Kvifor er det så viktig å rapportere fangsten?

For at vi skal kunne bruke våre felles ressursar i sjøen på beste måte er det viktig at vi veit kor mykje vi hentar opp av sjøen.

– Betre oversikt over turistfisket er viktig både av omsyn til næringa sjølv og for å sikre at ressursane vert forvalta på ein berekraftig måte. Slik kan vi sikre at også komande generasjonar kan ha glede av fellesressursane våre, forklarar Ottemo.

Elektronisk rapportering

Fiskeridirektoratet har ei opa løysing for mottak av data som gjer at private aktørar kan tilby fangstregistreringssystem for rapportering etter det nye regelverket. Dei som ikkje nyttar slike ordningar må inntil vidare registrere fangstane gjennom Fiskeridirektoratet sitt digitale fangstrapporteringsskjema. Turistfiskebedriftene skal rapportere minst ein gong per månad i månader med fiskeaktivitet, men det er anbefalt å rapportere fortløpande.